Professor Layton and Pandora's Box
| Professor Layton and Pandora's Box | |
| Utviklar(ar) | Level-5 |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Level-5/ Nintendo |
| Serie | Professor Layton |
| Sjanger | Gåte/ eventyrspel |
| Spelmodus | Einspelar |
| Utgjeving | JP 29. november 2007 NA 24. august 2009 EU 25. september 2009 |
| Stødde einingar | Peikeskjerm |
| Aldersgrense | PEGI: 7+ CERO: A ESRB: E10+ OFLC: PG |
Professor Layton and Pandora's Box (レイトン教授と悪魔の箱 Reiton-kyōju to Akuma no Hako), kjent i Nord-Amerika som Professor Layton and the Diabolical Box, er eit gåte/eventyrspel utvikla og utgjeve i Japan av Level-5 og utgjeve elles i verda av Nintendo. Det er det andre spelet i Professor Layton-serien, og handlar denne gongen om Professor Layton og Luke som reiser omkring med tog for å løysa mysteriet om ei eske som det seiast tek livet av alle som opnar ho.
Oppsett [endre]
Professor Layton and Pandora's Box er eit gåte/ eventyrspel der spelaren kontrollerer Professor Layton og medhjelparen Luke på ferda deira gjennom fleire ulike område, til skilnad frå det første spelet som berre fann stad i ei bygd. Spelaren må løysa gåter, granske ymse plassar og finne ut av fleire mysterium under framdrifta.