Profil-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Profil-opprøret har blitt ståande som ein milepåle i norsk litteratur. I 1965 overtok eit kollektiv på åtte unge forfattarspirer det litterære tidsskriftet Profil. Det første nummeret deira kom ut i 1966 i 500 eksemplar og er sidan blitt ein sjeldan godbit for samlarar.

Felles for forfattarane i den såkalla Profil-krinsen var kritikken av den realistiske tradisjonen i prosaen og den symbolmetta modernismen som hadde prega lyrikken etter krigen. Dei gjorde seg i staden til talspersonar for ein ny, norsk modernisme. Dag Solstad utvikla ein slik modernisme i romanen Irr! Grønt (1969) og Espen Haavardsholm i Munnene (1968). Ein ny sjanger, punktromanen, blei utprøvd av m.a. Paal-Helge Haugen i Anne (1968) og av Einar Økland i Amatøralbum (1969), som var illustrert med amatørfoto.

Spire Denne litteraturartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.