Programmeringsgrensesnitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Programmeringsgrensesnitt (en: Application programming interface (API)) er eit progravarelag mekkom eit operativsystem og brukarprogramma på ei datamaskin. Føremålet med eit programmeringsgrensesnitt er å standardisera kommunikasjonen mellom brukarprogramma og operativsystemet, slik at same brukarprogramkode kan rekompilerast og nyttast på fleire ulike operativsystem. Eit programmeringsgrensesnitt gjer det òg enklare å skriva kode, etter som ein ikkje treng å kjenna til og ta omsyn til alle detaljane av operativsystemet.

Det finst ulike typar programmeringsgrensesnitt, Nokre, som POSIX og Win32, er generelle programmeringsgrensesnitt, som sit mellom operativsystemet og brukarprogramma. Andre, som ALSA, JACK, Core Audio, ASIO, DirectSound, LADSPA, etc., er spesialprogrammeringsgrensesnitt for digital lyd, medan OpenGL og Open Inventor er spesialprogrammeringsgrensesnitt for grafikk.