Programmeringsspråket Pascal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pascal er eit programmeringspråk utvikla av Niklaus Wirth i 1970. Programmeringspråket er oppkalla etter mattematikaren og filosofen Blaise Pascal. Pascal har vore eit populært nybyrjarspråk for studentar som vil lære strukturert programmering.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Her er eit enkelt døme på korleis ein bruker Pascal:

program Heiverd(output);
begin writeln('Hei, verd!'); readln {Vent på linjeskift frå brukar} end.

Som me ser ut i frå eksempelet ovanfor startar programmet vårt med komandoen program som ikkje gjer stort anna enn å beskrive for brukaren kva programmet gjer, kommandoen er ikkje naudsynt. Kommandoen begin fortel at det er her programmet byrjar, medan end fortel at programmet no er slutt. I Pascal er begge naudsynt. Merk at Pascal hoppar over det som er skriven i klammeteikn, dette er programmerarens eigne kommentarar, slik at andre lettare kan studere kjeldekoda og forstå kva som skjer.

Kompilatorar[endre | endre wikiteksten]

Turbo Pascal[endre | endre wikiteksten]

På 80 talet og byrjinga av 90 talet var Turbo Pascal frå Borland den mest kjende varianten av Pascal, nær de facto standard, etter di det hadde gode verktøy og særs kjapp kompileringstid. Turbo Pascal kunne kompilere, køyre og avluse program rett i minnet utan diskaksess. Borland har seinare lagt ut TP 5.5 ut på heimesidene sine for gratis nedlasting.

Free Pascal[endre | endre wikiteksten]

Free Pascal er ein kompilator som er gjeve ut under GPL lisensen.FP støttar både Mac,Windows og Linux.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Programmeringsspråk

ABC | Ada | AFL | Agora | ALGOL | APL | Assembler | awk | B | BASIC | BETA | BLISS | C | C++ | C# | Caml | Cobol | Concurrent C | CSP | D | Delphi | Erlang | Forth | Fortran | Haskell | HyperTalk | Icon| INTERCAL | Java | Lisp | Miranda | ML | Modula | NIAL | Objektorientert C | occam | OCaml | O'Haskell | Pascal | Perl | PHP | Pike | PL/I | Plankalkül | Portal | Prolog | Python | R | Ruby | Scheme | Simula | Sina | Sisa | Smalltalk | SML | SNOBOL | Visual Basic