Progress-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°22′30″S 76°23′30″E
Progress-stasjonen
stasjon
none  Progress-stasjonen om sommaren 2007
Progress-stasjonen om sommaren 2007
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Palmer Land
 - koordinatar 69°22′30″S 76°23′30″E
Administrert under Antarktistraktaten
Progress-stasjonen is located in Antarktis
Progress-stasjonen (Antarktis)

Progress (russisk Прогресс) er ein russisk (tidlegare sovjetiske) stasjon i Antarktis. Han ligg i den antarktiske oasen i Larsemannfjella ved kysten av Prydzbukta.

Stasjonen vart oppretta av den 33. sovjetiske antarktisekspedisjonen[1] den 1. april 1988 og så flytta ein annan stad den 26. februar 1989[2] I 2000 vart arbeidet mellombels stoppa, men stasjonen vart opna på ny i 2003.

Ei landingsstripe ligg nær stasjonen. Frå 1998-2001 vart det gjennom ført arbeid for å overføre operasjonane til Progress frå Mirny-stasjonen og gjere denne til hovudstøttebasen for Vostok-stasjonen.

I 2004 byrja arbeidet med å gjere stasjonen til ein heilårsstasjon. Den 4. oktober 2008 braut det ut brann på byggeplassen og ein arbeidar mista livet, medan to andre vart alvorleg skadde. Den nye bygningen gjekk heilt tapt, i tillegg til at kommunikasjonen og vitskapleg utstyr ved stasjonen vart øydelagd.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Progress-stasjonen