Projeksjon i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Projeksjon i matematikk er eit anna ord for avbilding og er særleg nytta der ein geometrisk figur vert avbilda i eit plan. Ved sentralprojeksjon, òg kalla perspektivprojeksjon, tenkjer ein seg rette linjer, projeksjonsstrålar, trekt frå eit fast punkt, sentrum, gjennom kvart punkt av den lekamen som skal avbildast, og punktet vert då avbilda i det punktet der projeksjonsstrålen treffer biletplanet.

Ordet projeksjon vert ofte nytta i enno snevrare meining, nemleg når projeksjonsstrålane er innbyrdes parallelle, noko som vil seie at projeksjonssenteret er rykt uendeleg langt bort, og billedplanet står vinkelrett mot projeksjonsstrålane. I skildrande geometri er horisontalprojeksjon (grunnriss), vertikalprojeksjon (oppriss) og profilprojeksjon (profilriss) slike projeksjonar av lekamen på dei tilsvarande plana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]