Prosessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prosessen
Der Prozeß

Forfattar(ar)Franz Kafka
Språktysk
Blei til1914
Sjangerabsurd litteratur, dystopisk fiksjon
Utgjeven1925

Prosessen, opphavleg Der Process,[a] er ein ufullendt, posthumt offentleggjort surrealistisk roman av den bøhmisk-jødiske forfatteren Franz Kafka. Romanen blir rekna som Kafkas hovudverk, og mange ser romanen som det viktigaste litterære verket i nyare historie. Boka kom ut i 1925

Romanen handlar om «Josef K.», som blir vekt av politiet ein morgon og arrestert utan å få vite kva han er sikta for. I romanen følgjer vi hovudpersonen sin veg gjennom eit absurd og labyrintisk rettssystem. Boka har gjeve namn til omgrepet Kafka-prosess, ei nemning på ein umogleg kamp mot eit ugjennomtrengjeleg byråkratisk system.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. stavemåtane Prozeß, Prozess og Proceß er også nytta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.