Prost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein prost er i Den norske kyrkja ein prest som samstundes er biskopens medhjelpar og den øvste geistlege leiaren i eit prosti.

Prosten ivaretek arbeidsgjevaren sin styringsrett overfor prestane i prostiet og har biskopen som sin overorda leiar. Prosten er næraste overordna for sokneprestane og prostiprestane.

Det er om lag eit hundre prostar i den norske kyrkja. 11 av desse har teneste i eit domprosti, det er eit prosti knytt til ei domkyrkje, og har tittelen domprost.

Prostetittelen i andre kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

I den Svenska kyrkan er tittelen prost (etter latin prost honoris causa) ein heiderstittel som biskopen kan tildele prester etter forteneste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]