Proterozoikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Proterozoikum
2500 - 542 million år sidan
Geologiske periodar
sjå • diskuter • endre
-4500 —
-4000 —
-3500 —
-3000 —
-2500 —
-2000 —
-1500 —
-1000 —
-500 —
0 —
Skala:
Millionar år sidan
Stromatolittar frå Bolivia i Sør-Amerika frå nedre proterozoikum.

Proterozoikum er eit geologisk eon som representerer perioden før dei første kompliserte livsformene utvikla seg i store mengder på jorda. Proterozoikum strekkjer seg frå perioden 2500 millionar år sidan til 542,0 ± 1,0 Ma (millionar år sidan), og er det siste eonet i jorda si oldtid, som uformelt vert kalla prekambrium.

Proterozoikum består av tre geologiske æraer, frå eldst til yngst:

Store hendingar i proterozoikum var:

Proterozoikum-arkivet[endre | endre wikiteksten]

Det geologiske arkivet frå proterozoikum er mykje betre enn for det føregåande arkeikum. I motsetnad til avleiringar på djupt hav har proterozoikum mange lag som vart lagt ned i omfattande grunnhav og mange av desse berglaga er mindre metamorfe enn i arkeikum og fleire funn er uendra.[1] Studiar av desse bergartane viser at eonet er dominert av massive, raske kontinentdanningar (unikt for proterozoikum), superkontinentsyklusar, og moderne orogenesisk aktivitet.[2]

Den første kjende istiddanninga skjedde i proterozoikum og ei istid starta heilt i byrjinga av eonet. Det var minst fire istider i neoproterozoikum og Varang-istida kulmnierte med ei snøballjord der kanskje heile jorda var dekt av is.[3]

Oksygendanninga[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei viktigaste hendingane i proterozoikum var oppsamlinga av oksygen i jordatmosfæren. Sjølv oksygen utan tvil vart danna ved fotosyntese tilbake i arkeikum, kunne ikkje oksygenet bygge seg opp i atmosfæren før kjemiske sluk - uoksidert svovel og jern - hadde fylt seg opp. Fram til om lag 2,3 milliardar år sidan var det truleg berre 1-2 % av dagens oksygennivå i atmosfæren.[4] Lagdelte jernrike bergartar, som utgjer det meste av jernmalmen i verda, var òg eit stort kjemisk sluk og det meste av akkumuleringa stoppa opp for 1,9 milliardar år sidan, anten på grunn av ei auke i oksygen eller på grunn av større blanding av havvatnet.[5]

Raude lag som er fargelagd av hematitt, indikerer ein auke i atmosfærisk oksygen i perioden etter 2 milliardar år sidan.[5] Oksygenoppbygginga kom truleg av to faktorar: dei kjemiske sluka var fylt opp og meir karbon vart lagt ned i jorda. Dette førte til organisk samband som elles ville oksidert i atmosfæren.[6]

Paleogeogrfi[endre | endre wikiteksten]

Mackenzie-gangsvermen i det kanadiske skjoldet i Canada er den største kjende gangsvermen på jorda, og var ei kjelde for massive flaumbasalt-utbrot gjennom proteozoikum. Kjelda til denne gangsvermen meiner ein har vore ein mantelplum kalla Mackenzie-heiteflekken.[7]

Liv i proterozoikum[endre | endre wikiteksten]

Dei første avanserte eincella og fleircella livsformene oppstod omtrent samstundes med då fritt oksygen starta å akkumulere. Dette kan ha kome av ei auke i oksiderte nitrat som eukariotar nyttar, i motsetnad til cyanobakteriar.[6] Det var òg i løpet av proteozoikum at dei første symbiotiske forholda mellom mitokondriar (for nesten alle eukariotar) og klorplastar (for planter og nokre protistar) og vertane deira utvikla seg.[8]

Oppbløminga av eukraiotar som acritarchar, utelukka ikkje ekspansjon av cyanobakteriar. Stromatolittar var på sitt mest talrike og mangfaldige under proterozoikum, og nådde ein topp for om lag 1,2 milliardar år sidan.[9]

Historisk vart grensa mellom eona proterozoium og fanerozoikum sett til byrjinga av perioden kambrium då dei første fossila av dyr som trilobittar og archaeocyathar dukka opp. På andre halvdel av 1900-talet vart det funne mange fossil i berglag frå proterozoikum, men den øvre grensa for eonet vart likevel ikkje endra og vart verande ved starten av kambrium, som starta for om lag 542 millionar år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steven M. Stanley (1999) Earth System History – W.H. Freeman and Company, New York. ISBN 0-7167-2882-6 –  side 315.
  2. Stanley, 315-18, 329-32
  3. Stanley, 320-1, 325
  4. Stanley, 323
  5. 5,0 5,1 Stanley, 324
  6. 6,0 6,1 Stanley, 325
  7. Lunar og planetær vitskap XXVIII
  8. Stanley 321-2
  9. Stanley, 321-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Proterozoikum
Prekambrium Fanerozoikum  
Hadeikum Arkeikum Proterozoikum
Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara