Proud Mary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Proud Mary
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Bayou Country
B-side

«Born on the Bayou»

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1969[1]
Innspelt 1968 i RCA Studios i Hollywood i California[2]
Sjanger Roots-rock, swamp-rock
Lengd 3:07
Selskap Fantasy
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty[1]
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«I Put a Spell on You»
(juni 1968)
Proud Mary «Bad Moon Rising»
(april 1969)


«Proud Mary» er ein rockelåt skriven av John Fogerty og spelt inn av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart gjeven ut som singel frå det andre studioalbumet til bandet, Bayou Country, begge på Fantasy Records i januar 1969.[1] Songen vart ein hit i USA og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i mars 1969, den første av fem singlar som nådde andreplassen for gruppa.[3]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I plateomslaget for 2008-utgåva av Bayou Country forklarte Joel Selvin at songane for albumet kom til då John Fogerty var i nasjonalgarden, og at riffet for «Proud Mary», «Born on the Bayou», og «Keep on Chooglin'» vart skrivne av Fogerty på ein konsert i Avalon Ballroom, og at «Proud Mary» vart arrangert frå delar av forskjellige songar. Ei av desse var om ei «vaskekvinne kalla Mary».[2] Linja «Left a good job in the city» vart skriven av Fogerty etter at han var ferdig i nasjonalgarden og linja «rollin' on the river» vart henta frå ein film av Will Rogers.[4]

Grunnsporet for «Proud Mary», som med andre songar på albumet, vart spelte inn av John Fogerty (sologitar), Tom Fogerty (rytmegitar), Stu Cook (bass) og Doug Clifford (trommer) i RCA Studios i Hollywood i California, medan Fogerty la på fleire instrument og vokal seinare.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[5] 1
Canada (RPM)[6] 2
Noreg (VG-lista)[7] 6
Nederland (Top 40)[8] 8
Tyskland (Media Control AG)[9] 4
UK Singles (Official Charts Company)[10] 8
US Billboard Hot 100[3] 2

Solomon Burke-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Proud Mary
av Solomon Burke
frå albumet Proud Mary
B-side

What Am I Living For

Språk engelsk
Utgjeve 1969
Innspelt 1969
Sjanger Countrysoul
Lengd 3:26
Selskap Bell Records
783
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty

I 1969 hadde Solomon Burke ein liten hit med sin versjon av songen, som var den andre utgjevinga hans for Bell og produsert i lag med Tamiko Jones,[11] som hadde vorte frisk att etter å ha kjempa mot polio,[12] og på den tida var Burke sin trulova og manager. Burke fortel: «Me drog til Muscle Shoals og spelte inn Proud Mary, som dei ikkje likte i det heile tatt. Dei meinte det var idiotisk å spele inn songen, som alt låg på listene. Eg forklarte dei at det var ein særs bra song, men at det var ein særs kvit song, ein popsong. Me skulle gjere han om, opne dørene for han på r&b-listene og få svarte radiostasjonar til å spele han. Det var ei Solomon Burke-innspeling laga i Muscle Shoals. Me beviste at me kunne lage ein stor hit utan at Jerry Wexler åt sandwichar med oss. Denne innspelinga vart ein hit utan hjelp frå nokon. Proud Mary vart berre marknadsført av Tamiko Jones og meg sjølv».

John Fogerty var imponert av versjonen til Burke: «To tusen miles unna hadde denne mannen krype inn i hovudet mitt og lært meg kva Proud Mary faktisk handla om. Så klart er det flott når nokon syng songen din, men når han forstår han, lyttar du til han som om det var for første gongen.» Singelen til Burke nådde 15. plass på R&B-lista og 45. plass på poplista. Burke fortalte i 2002: «Eg var i Vegas i seksten veker ved Sands Hotel. Eg fekk ikkje med meg at songen vart ein hit, fordi me var ikkje der for å marknadsføre han, me hadde ikkje eit band. Det beste eg nokon gong gjorde var å sei til Ike Turner, 'Hey man, du burde ta tak i denne songen… Eg trur du og Tina kan rive denne sundt.'[13] 24. mai 1969 song Burke versjonen sin av «Proud Mary» på American Bandstand.[14][15][16]

Tina Turner-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Proud Mary
Singel av Ike & Tina Turner
frå albumet Workin' Together
Språk engelsk
Utgjeve 30. januar 1971
Innspelt 1970 i Los Angeles i California
Sjanger Funkrock
Lengd 5:00
Selskap Liberty Records
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent Ike Turner
Ike & Tina Turner-kronologi 
«Workin' Together»
(1970)
Proud Mary «Ooh Poo Pah Doo»
(1971)


Proud Mary
Singel av Tina Turner
frå albumet
What's Love Got to Do With It
B-side

«Disco Inferno»

Språk engelsk
Utgjeve 19. november 1993
Innspelt 1993
Sjanger Rock, soul
Lengd 5:27
Selskap Parlophone
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent Chris Lord-Alge, Tina Turner, Roger Davies
Tina Turner-kronologi 
«Why Must We Wait Until Tonight»
(1993)
Proud Mary «GoldenEye»
(1995)


Tina Turner spelte først inn «Proud Mary» i 1970 i lag med sin dåverande ektemann Ike Turner. Ike & Tina Turner-versjonen vart gjeven ut som ein singel, henta frå albumet Workin' Together og skil seg kraftig frå originalen, men har vorte kjend som ein av signaturlåtane til Tina Turner. Turners-versjonen vart omarrangert av Soko Richardson[17][18] og Ike Turner. Songen startar langsamt, men utviklar seg så til ein funkrock-song der Tina Turner og korvokalistar leverer soul-aktig vokal. Han nådde fjerdeplassen på poplista den 27. mars 1971, nøyaktig to år etter Creedence Clearwater Revival-versjonen låg nær toppen av lista. Turner vann ein Grammy-pris for beste R&B-song av ein duett eller gruppe i 1972.

Ike and Tina framførte songen på The Ed Sullivan Show.

I 1988 vart eit konsertopptak av ein soloversjon av songen gjeven ut på albumet Tina Live in Europe. Tina Turner spelte sidan inn songen på ny i studio for albumet What's Love Got to Do with It. Denne versjonen vart gjeven ut som singel for radiostasjonar og DJar. Denne versjonen vart sidan gjeven ut på samlealbumet All the Best i 2004.

Ein annan konsertversjon vart gjeven ut i 2009 på Tina Live. Denne vart spelt inn 21. mars 2009 i Arnhem i Nederland. Songen har vorte spelt mykje på konsertane til Tina Turner, mellom anna i duettar med Beyoncé og Cher.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Ike & Tina Turner-versjonen

Liste (1971) Plassering
Canadian RPM 100 Singles[19] 11
U.S. Billboard Hot 100[20] 4
U.S. Billboard Hot R&B-songar[20] 5

Tina Turner-versjonen

Liste (2010) Plassering
Scottish Singles Chart 40
UK Singles Chart 62

Lovord[endre | endre wikiteksten]

«Proud Mary» vart plassert på 155. plass på lista til Rolling Stone' frå 2004 og 156. plass på lista frå 2011 over dei 500 beste songane gjennom tidene.[21] Både CCR- og Ike & Tina Turner-versjonane av songen har fått Grammy Hall of Fame Awards, i høvesvis 1998 og 2003.[22]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Proud Mary» har gjennom åra vorte spelt av mange artistar, med tidlege versjonar av Solomon Burke, og ein av Ed Ames i 1969 på hans Windmills of Your Mind album. Anthony Armstrong Jones sin versjon frå 1969 nådde 22. plassen på country-lista i USA. Ein annan versjon frå 1969 av Checkmates, Ltd., produsert av Phil Spector, nådde 30. plassen på U.K. Singles Chart.

Bruce Springsteen innlemma Creedence Clearwater Revival i Rock and Roll Hall of Fame i 1993, sa han:

« Meg og bandet mitt arbeidde på Route 35 utanfor Asbury Park, i ein klubb kalla Pandemonium...det var fem 50-minuttar lange sett kvar kveld og sjeldan ein kveld utan ein slosskamp. Men til New Jersey kom musikken til Creedence Clearwater Revival og for tre minuttar og sju sekund med «Proud Mary» breidde det seg ein brorskap som fylte heile rommet. Det var rett og slett ein kjempeflott song som alle likte og som bokstavleg talt redda oss ved fleire høve. »

I tillegg til å spele «Proud Mary» på konsertane med det tidlege bandet sitt, Child, framførte Springsteen songen to gonger med E Street Band under The River Tour i 1981, og fleire gonger frå 1982 til 1987 i små klubbar..[23]

Elvis Presley framførte ofte songen i Las Vegas-showa sine og på turné tidleg i 1970-åra. Versjonane hans finst på albuma On Stage (1970), Elvis: As Recorded at Madison Square Garden (1972) og An Afternoon in the Garden (1972).

Neil Sedaka framførte songen på ein konsert i Sydney. Denne vart gjeven ut på albumet Neil Sedaka On Stage.

George Jones og Johnny Paycheck spelte songen i lag på albumet deira Double Trouble i 1980. I 1996 vart «Proud Mary» spelt av Status Quo på albumet deira Don't Stop og det polske thrash metal-bandet Acid Drinkers spelte inn songen i 1998 på albumet High Proof Cosmic Milk.

Leningrad Cowboys song «Proud Mary» a cappella under Provinssirock-festivalen i 1992 og denne framføringa vart gjeven ut på albumet Live in Prowinzz.

Lisa Simpson framfører songen i 1992 i ein episode av The Simpsons kalla «Lisa the Beauty Queen».

Songen vart framført i episoden Wheels av fjernsynsserien Glee av Jenna Ushkowitz, Amber Riley og Kevin McHale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 (1991) Plateomslagstekst for Chronicle: The 20 Greatest Hits av Creedence Clearwater Revival [CD booklet]. U.S.A.: Fantasy Records (FCD-CCR2-2).
  2. 2,0 2,1 2,2 Selvin, Joel (2008). Plateomslagstekst for Bayou Country [Expanded Reissue] av Creedence Clearwater Revival [CD booklet]. U.S.A.: Concord Music Group (FAN-30877-02).
  3. 3,0 3,1 «Creedence Clearwater Revival - Billboard Singles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 16. august 2013. 
  4. Michael Goldberg (1993). Jann S. Wenner, red. «Fortunate Son: John Fogerty - The 1993 Rolling Stone Interview». Rolling Stone (USA: Jann S. Wenner). Henta 16. august 2013. 
  5. "Creedence Clearwater Revival – Proud Mary – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  6. «RPM - Item Display: Top Singles - Volume 11, nr. 3, March 17, 1969» (.Php). Library and Archives Canada. March 31, 2004. 
  7. "Norwegiancharts.com – Creedence Clearwater Revival – Proud Mary". VG-lista. Hung Medien.
  8. «Top40: Creedence Clearwater Revival - Proud Mary». Dutch Top 40. November 10th, 2004. 
  9. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  10. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  11. John S. Wilson, "CAREER RESUMED BY TAMIKO JONES; Recent Polio Victim Presents Songs at Rainbow Grill", The New York Times (January 14, 1971):43; "Solomon Burke – Proud Mary"; "Tamiko Jones: The Collection (1963–1986)" (18 November 2009); "Original Soul Man Cared for Spiritual and Temporal Needs Right to the Grave", The Age (October 13, 2010). For meir om Tamiko Jones, sja "Tamiko Jones" Arkivert 2013-05-05 ved Archive.is
  12. Cordell S. Thompson, "New York Beat", Jet (8 October 1970):63.
  13. Solomon Burke, in James Porter, "Songs of Solomon: Solomon Burke Interview", Roctober 33 (2002)
  14. "Saturday on Eight", Lewiston Evening Journal (May 23, 1969):22
  15. American Bandstand: The Guess Who / Solomon Burke Episode Summary on[daud lenkje]. Tv.com. Henta 16. august 2013.
  16. Watch American Bandstand Season 12 Episode 39|The Guess Who / Solomon Burke Arkivert 2013-06-18 ved Wayback Machine.. SideReel. Henta 16. august 2013.
  17. Soko Richardson Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine. press release from pressnetwork.com January 30, 2004
  18. Noted Soul Drummer Soko Richardson Dies Paiste Cymbals, February 2004
  19. «RPM - Item Display: Top Singles - Volume 15, nr. 8, April 10 1971» (.Php). Library and Archives Canada. March 31, 2004. 
  20. 20,0 20,1 «Ike & Tina Turner - Billboard Singles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta November 21, 2010. 
  21. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». 2011. Henta 16. august 2013. [daud lenkje]
  22. «Grammy Hall of Fame». Grammy Awardar. United States: National Academy of Recording Arts and Sciences. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 16. august 2013. 
  23. Barker, Derek (2009). Liner notes to Bruce Springsteen's Jukebox: The Songs that Inspired the Man [CD]. Chrome Dreams.