Provence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strand og fjell i Calanque d'En-Vau i Provence.

Provence er eit historisk og kulturelt landskap sør i Frankrike. Det er også namnet på ein tidlegare provins som no er del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

Provance omfattar middelhavskysten mellom munningen av Rhône og byen Nice og fjellområda innanfor. Den største byen er Marseille.

Fram til 1900-talet var provençalsk, ein dialekt av oksitansk, svært utbreidd i provinsen. Eit stort utdanningsprogram gjorde fransk til hovudspråket til dei fleste innbyggjarane. I dag finst det opplæring og studiar i provençalsk i regionen, men dei fleste er franskspråklege.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Provence

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Provence (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 28. juli 2013.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.