Provinsen Ascoli Piceno
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nasjon | |
| Region | Marche |
| Hovudstad | Ascoli Piceno |
| Areal | 2 087 km² |
| Folketal (2001) | 369 579 |
| Folketettleik | 177/km² |
| Kommunar | 73 |
| Bilnummer | AP |
| Postnummer | 63100, 630xx |
| Retningsnummer (tlf) | 0736, 0735 |
| President | Massimo Rossi |
| Plasseringa til Ascoli Piceno i Italia | |
Provinsen Ascoli Piceno (italiensk Provincia di Ascoli Piceno) er ein provins i regionen Marche i Italia. Hovudstaden er byen Ascoli Piceno. Han har eit areal på 2 087 km² og totalt 369 579 innbyggjarar (2001). Det er 73 kommunar i provinsen.
Den planlagde nye provinsen Fermo kjem til å verte danna frå delar av provinsen Ascoli Piceno. Den nye provinsen med hovudstad i Fermo vil verte 860 km² stor og bestå av 40 kommunar. Dette området hadde i 2001 eit folketal på 166 218 innbyggjarar. Dermed vil provinsen Ascoli Piscen stå att med 33 kommunar og like over 200 000 innbyggjarar.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Ascoli Piceno frå Engelsk Wikipedia .

