Provinsen Avellino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Avellino
Provincia di Avellino-Stemma.svg
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Campania
Hovudstad Avellino
Areal 2 792 km²
Folketal (2005) 429 073
Folketettleik 154/km²
Kommunar 119
Bilnummer AV
Postnummer 83010-83054
Retningsnummer (tlf) 081, 082
President Alberta De Simone
Avellino posizione.png
Plasseringa til Avellino i Italia


Provinsen Avellino (italiensk Provincia di Avellino ) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Avellino . Han har eit areal på 2 792 km² og totalt 429 073 innbyggjarar. Det er 119 kommunar i provinsen.

I det gamle Kongedømet Napoli utgjorde provinsen om lag Principato Ultra, men nokre stader var ein del av Capitanata eller Principato Citra. Provinsen grenser ikkje til havet. Det gamle namnet på området var Hirpinia (moderne italiensk Irpinia), som kom frå det oskiske «hirpus», eller «ulv», eit dyr som framleis finst i området.

Typiske produkt frå provinsen er hasselnøtt (ein tredjedel av den totale italienske produksjonen), kastanje frå Montella, dei kjende vinane Aglianico, Taurasi, Greco og Fiano, kirsebær, ost (som caciocavallo frå Montella), svart trøffel frå Bagnoli Irpino.

Avellino var kjend for dei kongelege hagane i mellomalderen og i romartida.

Dei største turistattraksjonane er heilgadomane Montevergine og San Gerardo a Maiella, dei arkeologiske områda Avella og Eclano, Lancellotti-borga, den tidlege kristne basilikaen i Prata.

Kart over Avellino-provinsen

Største kommunane[endre | endre wikiteksten]

Stand: 31. mai 2005

Kommune Folketal
Avellino 56 955
Ariano Irpino 23 330
Monteforte Irpino 13 069
Mercogliano 12 363
Solofra 12 058
Atripalda 11 .328
Cervinara 10 186
Montoro Inferiore 10 067

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]