Provinsen Burgos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Burgos

Burgos er ein provins nord i Spania, i den nordaustlege delen av den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Palencia, Cantabria, Bizkaia, Álava, La Rioja, Soria, Segovia og Valladolid. Hovudstaden er byen Burgos.

Provinsen har eit areal på 14 300 km² og kring 350 000 innbyggjarar. Om lag halvparten bur i provinshovudstaden. Dei einaste større byane utanom Burgos er Miranda de Ebro og Aranda de Duero. Mange av dei 371 kommunane i provinsen har færre enn 100 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°23′N 3°40′W