Provinsen Caltanissetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Caltanissetta
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Sicilia
Hovudstad Caltanissetta
Areal 2 128 km²
Folketal (2005) 275 221
Folketettleik 129/km²
Kommunar 22
Bilnummer CL
Postnummer 93100, 93010-93020
Retningsnummer (tlf) 0934, 0933, 0922
President Filippo Collura
Caltanissetta posizione.png
Plasseringa til Caltanissetta i Italia


Provinsen Caltanissetta (italiensk Provincia di Caltanissetta; siciliansk Pruvincia di Caltanissetta) er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Caltanissetta. Han har eit areal på 2 128 km² og totalt 275 221 innbyggjarar (2005). Det er 22 kommunar i provinsen.

Han grensar til provinsen Agrigento i vest, provinsen Palermo i nordvest, provinsen Enna i nord, provinsen Catania i nordaust og provinsen Ragusa i aust.

Provinsen dekkjer sentrale område av Sicilia. Kommunen Resuttano er ein enklave i provinsen Palermo, nær Caltanissetta mellom Monte Stretto og Portella del Vento.

Dei største kommunane i provinsen er:

Kommunar Innbyggjarar
Gela 77 234
Caltanissetta 60 632
Niscemi 26 734
San Cataldo 23 199
Mazzarino 12 340
Riesi 11 649
Mussomeli 11 306
Sommatino 7 515
Serradifalco 6 383
Santa Caterina Villarmosa 5 866
Butera 5 142

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Provinsen Caltanissetta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]