Provinsen Como
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nasjon | |
| Region | Lombardia |
| Hovudstad | Como |
| Areal | 1 288 km² |
| Folketal (2004) | 507 500 |
| Folketettleik | 394/km² |
| Kommunar | 162 |
| Bilnummer | CO |
| Postnummer | 22100 |
| Retningsnummer (tlf) | 031 0344 02 0331 |
| President | Leonardo |
| Plasseringa til Como i Italia | |
Provinsen Como (italiensk Provincia di Como) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Como. Han har eit areal på 1 288 km² og totalt 507 500 innbyggjarar (2004). Det er 162 kommunar i provinsen.
Han grenser til kantonane Ticino og Grigioni i Sveits i nord, dei italienske provinsane Sondrio og Lecco i aust, provinsen Milano i sør og provinsen Varese i vest.
Andre store byar er Cantù, Erba, Mariano Comense og Olgiate Comasco. Campione d'Italia er òg ein del av provinsen og er ein enklave i Ticino i Sveits.
I 2005 er dei største kommunane i provinsen Como:
| Kommune | Innbyggjarar |
|---|---|
| Como | 83 144 |
| Cantù | 36 742 |
| Mariano Comense | 21 844 |
| Erba | 16 874 |
| Olgiate Comasco | 10 893 |
| Lurate Caccivio | 10 052 |
| Cermenate | 8 772 |
| Fino Mornasco | 8 748 |
| Turate | 8 389 |
| Lomazzo | 8 329 |
| Inverigo | 8 280 |
| Mozzate | 7 494 |
| Appiano Gentile | 7 236 |
| Cabiate | 7 100 |
| Cernobbio | 7 036 |
Dei bergamaskiske Alpane og nokre åsar dekkjer heile provinsen. Her ligg òg Comosjøen og byen Como er kjend som fødestaden til Alessandro Volta, oppfinnaren av batteriet i 1800.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Como frå Engelsk Wikipedia .

