Provinsen Cremona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Cremona
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Lombardia
Hovudstad Cremona
Areal 1 771 km²
Folketal (2001) 335 950
Folketettleik 190/km²
Kommunar 115
Bilnummer CR
Postnummer 26100, 26010-26049
Retningsnummer (tlf) 0372, 0373, 0374, 0375, 0363
President Giuseppe Torchio
Cremona posizione.png
Plasseringa til Cremona i Italia


Provinsen Cremona (italiensk Provincia di Cremona) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Cremona. Han har eit areal på 1 771 km² og totalt 335 950 innbyggjarar (2001). Det er 115 kommunar i provinsen.

Elva Po, som er den lengste elva i Italia, er ei naturleg grense til provinsen Piacenza, medan elva Oglio dannar grensa til provinsen Brescia.

Provinsen dekkjer dei sentrale områda av Posletta, så heile provinsen er flat utan fjell eller åsar, og vert kryssa av fleire elvar, som Serio og Adda, og kunstige kanalar, som hovudsakleg vert nytta til kunstig vatning.

Største kommunar[endre | endre wikiteksten]

Dei største kommunane i provinsen er (tal frå 2005):

Kommune Innbyggjarar
Cremona 71 413
Crema 33 471
Casalmaggiore 14 278
Castelleone 9 090
Soresina 8 977
Pandino 8 409
Soncino 7 487
Rivolta d'Adda 7 324
Pizzighettone 6 802
Spino d'Adda 6 495
Offanengo 5 832
Castelverde 5 130

Økonomi og kultur[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i Cremona er jordbruk (hovudsakleg mais, lokalt kalla Melegot, og bygg, men òg soyabønner og sukkerroer). Industrien er forholdsvis utvikla, hovudsakleg i nord nær Crema, der ein finn fabrikkar som produserer tekstilar, kjemikaliar og maskineri.

Byen Cremona og det omliggande området er begge kjend for matspesialitetar som nugatt (it. torrone) og sennep.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]