Provinsen Cuneo
| 120px | |
| Nasjon | |
| Region | Piemonte |
| Hovudstad | Cuneo |
| Areal | 6 903 km² |
| Folketal (2001) | 556 359 |
| Folketettleik | 81/km² |
| Kommunar | 250 |
| Bilnummer | CN |
| Postnummer | 12100 |
| Retningsnummer (tlf) | 171 |
| President | Raffaele Costa |
| Plasseringa til Cuneo i Italia | |
Provinsen Cuneo (italiensk Provincia di Cuneo) er ein provins i regionen Piemonte i Italia. I vest grenser provinsen til Frankrike og departementa Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Hautes-Alpes i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur. I nord grenser han til provinsen Torino, i aust til provinsen Asti, i sør til provinsen Savona og provinsen Imperia i Liguria.
Han vart òg kalla Provincia Granda, den store provinsen, fordi han er den tredje største provinsen i landet (etter Bolzano og Foggia). Dette skapte tidlegare problem for innbyggjarane i Alba som måtte reise langt til Cuneo kvar gong dei hadde æren med provinsstyret. Fleire gonger har det vorte gjort framlegg om å dele provinsen i to.
Hovudstaden er byen Cuneo. Han har eit areal på 6 903 km² og totalt 556 359 innbyggjarar (2001). Det er 250 kommunar i provinsen og dei største av desse er:
| Kommune | Innbyggjarar |
|---|---|
| Cuneo | 54 853 |
| Alba | 30 181 |
| Bra | 28 890 |
| Fossano | 24 224 |
| Mondovì | 22 092 |
| Savigliano | 20 510 |
| Saluzzo | 16 244 |
| Borgo San Dalmazzo | 11 761 |
| Racconigi | 9 838 |
| Busca | 9 687 |
| Boves | 9 536 |
| Cherasco | 7 633 |
| Barge | 7 584 |
| Dronero | 7 127 |
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Cuneo frå Engelsk Wikipedia .