Provinsen Fermo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Provinsen Fermo er ein ny provins i Italia. Han vart stifta i 2004 og er den femte provinsen i regionen Marche. Provinsen vil først tre i kraft i 2009. Det adminsitrative senteret vert Fermo (35 502 innbyggjarar i 2001). Andre store byar (eller kommunar) er Porto Sant'Elpidio (22 752), Porto San Giorgio (15 869), Sant'Elpidio a Mare (15 332) og Montegranaro (12 860).

Dei 40 kommunane som provinsen består av hadde til saman 166 218 innbyggjarar etter ei folketeljing i 2001 og utgjer eit landområde på 859,51 km². Fram til provinsen trer i kraft er desse kommunane ein del av provinsen Ascoli Piceno.

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelde [endre]