Provinsen Foggia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Foggia
120px
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Puglia
Hovudstad Foggia
Areal 7 190 km²
Folketal (2005) 686 856
Folketettleik 96/km²
Kommunar 64
Bilnummer FG
Postnummer 71100
Retningsnummer (tlf) 881
President Carmine Stallone
Foggia posizione.png
Plasseringa til Foggia i Italia


Provinsen Foggia (italiensk Provincia di Foggia) er ein provins i regionen Foggia i Italia. Hovudstaden er byen Foggia. Provinsen vert òg kalla Capitanata, opphavleg Catapanata, fordi han i mellomalderen vart styrt av ein katapan, som ein del av Katapanatet i Italia.

Innhaldsliste

Geografi [endre]

Provinsen Foggia kan delast i to delar. Den eine ligg rundt hovudstaden Foggia og vert kalla Tavoliere og den andre er «sporen» på den italienske «støvelen» og vert kalla Gargano.

Tavoliere er eit lågland der det vert drive jordbruk (sitrusfrukt, oliven, kveite, tomat).

Gargano er dei halvøy som delvis er kledd med fjell og delvis med skogen Foresta Umbra som har vegetasjon som er typisk for Sentral-Europa og er den einaste gjenverande skogen i Italia som var ein del av den eldgamle skogen som dekte store delar av Europa. Kysten av Gargano har mange strender og turiststader. I nord ligg to store saltsjøar, Lesinasjøen og Varanosjøen. Her vert òg produsert oliven og olivenolje.

Demografi [endre]

Han har eit areal på 7 190 km² og totalt 686 856 innbyggjarar (2005). Det er 64 kommunar i provinsen. I 2009 vil talet på kommunar reduserast til 61 då tre av kommunane med totalt 41 394 innbyggjarar (2005) vert ein del av den nye provinsen provinsen Barletta-Andria-Trani. Dei tre kommunane er Margherita di Savoia (12 749), San Ferdinando di Puglia (14 457) og Trinitapoli (14 414). (Dei sju andre kommunane vil kome frå provinsen Bari.) Ut frå 2005-tala vil provinsen Foggia då stå att med 645 236 innbyggjarar.

Dei viktigaste byane i provinsen er:

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]