Provinsen Giresun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giresun
Giresun ili
region
none
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Hovudstad Giresun
Areal 6 934 km²
Folketal 419 256 (2010)
Tettleik 60 / km²
Bilnummer 28
Retningsnummer 454
Landsbyen Çımaklı i distriktet Espiye i Giresun

Provinsen Giresun (tyrkisk Giresun ili) er ein provins i Tyrkia ved kysten av Svartehavet. Naboprovinsane er Trabzon i aust, Gümüşhane i sørvest, Erzincan i sør, Sivas i søraust og Ordu i vest. Provinshovudstaden er Giresun.

Giresun er eit jordbruksområde med mykje ven natur, særleg i høglandet. Områda nær Svartehavet er den største produsenten i Tyrkia av hasselnøtter. I dei høgare fjellområda finn ein skog og beitemark og some stader gruvedrift for kopar, sink, jern og andre metall. Fjellandsbyane er fjerntliggande med dårlege vegar og lite anna infrastruktur.

Klimaet er vanleg for denne delen av Svartehavskysten, som vil sei fuktig.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Giresun er delt inn i 16 distrikt (hovuddistriktet er utheva):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°34′47″N 38°35′40″E