Provinsen Girona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Girona

Girona (spansk Gerona) er ein provins heilt nordaust i Spania og den autonome regionen Catalonia. Han grensar til provinsane Barcelona og Lleida, til Middelhavet og til Frankrike.

Det bur kring 750 000 innbyggjarar i provinsen. Provinshovudstaden er Girona. Andre byar i provinsen er Figueres, Blanes, Lloret de Mar, Olot, Salt, Palafrugell og Sant Feliu de Guíxols, samt historiske byar som Banyoles, Palamós, Cadaqués, Ripoll, Camprodon og Puigcerdà.

Provinsen har 221 kommunar. Kommunen Llívia er ein eksklave i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°10′N 2°40′E