Provinsen L'Aquila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen L'Aquila
Nasjon Italia
Region Abruzzo
Hovudstad L'Aquila
Areal 5 034 km²
Folketal (2001) 297 592
Folketettleik 59/km²
Kommunar 59
Bilnummer AQ
Postnummer 67010-67100
Retningsnummer (tlf) 0862, 0863, 0864
President Stefania Pezzopane
Plasseringa til L'Aquila i Italia


Provinsen L'Aquila (italiensk Provincia dell'Aquila) er den største provinsen i regionen Abruzzo i Italia. Han er òg den mest fjellprega og minst folketette provinsen i regionen. Hovudstaden er byen L'Aquila.

Santa Maria della Pietà og Rocca Calascio
Campo Imperatore om våren

Provinsn utgjer om lag halvparten av Abruzzo og dekkjer den vestlege delen av regionen. Han grensar til provinsane Teramo i nord, Pescara og Chieti i aust, Isernia (i Molise) i sør og Frosinone, Roma og Rieti (i Lazio) i vest.

L'Aquila inneheld dei høgaste fjella i Appenninane (Gran Sasso, Maiella og Velino-Sirente), og den høgaste toppen Corno Grande, fjellsletta Campo Imperatore og den sørlegaste isbreen i Europa, Calderonebreen. Dei største elvane i regionen er Aterno-Pescara, Sangro, Liri, Salto og Turano og dei største innsjøane er Lago Scanno og Lago Barrea. Ein gong låg den største innsjøen på Den italienske halvøya, Fucinosjøen, her, men denne vart drenert på 1800-talet. I dag er den tidlegare innsjøen eit blømande jordbruksland og eit viktig teknologidistrikt.

Økonomi og folk[endre | endre wikiteksten]

Provinsen er kjend for dei mange borgene, festningane og urørte åsbyane frå mellomalderen. Dei to største byane i provinsen, L'Aquila og Avezzano, har hatt stor økonomisk vekst dei siste to tiåra med vekst i produksjon av køyretøy, telesamband og dataindustri. Gjennom det meste av 1900-talet leid landsbygda under stor fråflytting. Dei siste åra har opprettinga av Gran Sasso e Monti della Laga nasjonalpark, Majella nasjonalpark og Sirente-Velino regionspark førte til auka turisme, som har hjelpt på økonomien i området og folk har byrja å flytte tilbake hit.

Området har eit areal på 5 034 km² og totalt 297 592 (2001).

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Kart over provinsen L'Aquila

Det er 108 kommunar i provinsen. Dei største av desse er:

Kommune Folketal
L'Aquila 71 761
Avezzano 39 670
Sulmona 25 363
Celano 11 012
Pratola Peligna 7 890
Tagliacozzo 6 820
Trasacco 6 115
Castel di Sangro 5 778
Luco dei Marsi 5 776
Capistrello 5 473
Carsoli 5 238

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]