Hertugdømet Lorraine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Provinsen Lorraine)
Plasseringa til provinsen Lorraine

Lorraine (tysk Lothringen) er eit historisk område som i dag ligg nordaust i Frankrike. Av byar i regionen finn ein Metz, Nancy og Verdun.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lorraine, eller Lotharingia, var opphavleg eit sjølvstendig hertugdøme oppretta i 843 då riket til karolingane vart delt mellom dei tre sønene til Ludvig I av Det tysk-romerske riket. Det var kalla opp etter den nye herskaren Lothar I av Det tysk-romerske riket.

I 959 vart riket delt i ein Øvre og Nedre Lorraine, og etter kvart vart hertugane av Øvre Lorraine berre kjend som hertugar av Lorraine, fordi hertugane i Nedre Lorraine etter kvart mista makt på 1000-talet.

På 1600-talet ønskte dei franske kongane Lorraine, som då låg mellom sjølve Frankrike og det franske området Alsace. Lorraine tok keisaren si side i trettiårskrigen og vart okkupert av Frankrike i 1641. I 1670 vart dei igjen invadert av franskmennene, og dei okkuperte område dei neste 30 åra. Under den spanske arvefølgjekrigen okkuperte Frankrike Lorraine nok ein gong, medan hertug Leopold av Lorraine framleis styrte. Son til Leopold, Frans I av Det tysk-romerske riket, måtte gje frå seg hertugdømet i 1737, etter den polske arvefølgjekrigen, i byte for storhertugdømet Toscana. Frans var trulova med erkehertuginne Maria Teresia av Austerrike, dotter og arving til Karl VI av Det tysk-romerske riket, og franskmennene ville berre godta ekteskapet om Frans gav opp rettane sine til Lorraine. Stanislaus Leszczynski, tidlegare konge av Polen og svigerfar til Ludvig XV, vart den siste hertugen av Lorraine etter ein avtale om at hertugdømet skulle gå til Frankrike då han døydde. Lorraine vart ein del av Frankrike i 1766.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]