Provinsen Magallanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regionskart. Magallanes i raudt.

Magallanes (spansk: Provincia de Magallanes - «Magellan-provinsen») er ein av dei fire provinsane i Región de Magallanes y de Antártica Chilena i Chile. Provinsen dekkjer den sørlegaste delen av Fastlands-Chile, heilt ned til Magellansundet i tillegg til dei nordlegaste av øyane i Eldlandet. Dei største av øyane er Santa Inés-øya, Desolación-øya, Dawson-øya, Aracena-øya og Clarence-øya. I sør grensar provinsen til den chilenske provinsen Eldlandet, i nord til Última Esperanza.

Magallanes dekkjer eit areal på 36 400 km2, og folketalet vart registrert til 121 675 i 2002 - ei vekst på 4,4 % sidan 1992. Magallanes er inndelt i fire kommunar: Punta Arenas, Rio Verde, Laguna Blanca og San Gregorio. Hovudstaden er Punta Arenas, som også er regionshovudstad. Tilknytt Punta Arenas er den internasjonale flyplassen Carlos Ibáñez Del Campo International Airport.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]