Provinsen Messina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Messina
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Sicilia
Hovudstad Messina
Areal 3 247 km²
Folketal (2005) 662 450
Folketettleik 204/km²
Kommunar 108
Bilnummer ME
Postnummer 98000-98100
Retningsnummer (tlf) 090, 0941, 0942
President Salvatore Leonardi
Messina posizione.png
Plasseringa til Messina i Italia


Provinsen Messina (italiensk Provincia di Messina; siciliansk Pruvincia di Missina) er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Messina. Han har eit areal på 3 247 km² og totalt 662 450 innbyggjarar (2005). Det er 108 kommunar i provinsen.

Provinsen omfattar Dei eoliske øyane, som alle er ein del av kommunen Lipari (bortsett frå øya Salina). Området er stort sett fjellkledd bortsett frå elveslettene ved munningen til dei forskjellige elvane. Den største sletta ligg i området mellom Milazzo og Barcellona Pozzo di Gotto, som i lag med Messina dannar eit storbyområde med om lag 500 000 innbyggjarar, eit av dei største i Sør-Italia. Mykje av innbyggjarane bur langs kysten etter at åsbyane stort sett vart forlatt på 1800-talet.

Den største fjellryggane er Peloritani (opp til 1300 m) og Nebrodi (opp til 1900 m) , som begge er ein del av eit regionalt naturreservat.

Av elvar i provinsen finn ein Alcantara og Pollina, som dannar grense mot provinsen Palermo i vest.

Dei største kommunane er:

Kommune Innbyggjarar
Messina 246 951
Barcellona Pozzo di Gotto 41 157
Milazzo 32 600
Patti 13 241
Sant'Agata di Militello 13 026
Capo d'Orlando 12 928
Taormina 10 909
Lipari 10 782

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Provinsen Messina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]