Provinsen Napoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Napoli
Provincia di Napoli-Stemma.svg
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Campania
Hovudstad Napoli
Areal 1 171 km²
Folketal (2005) 3 092 859
Folketettleik 2 641/km²
Kommunar 92
Bilnummer NA
Postnummer 80121-80147, 80010-80079
Retningsnummer (tlf) 081
President Riccardo Di Palma
Napoli posizione.png
Plasseringa til Napoli i Italia


Provinsen Napoli (italiensk Provincia di Napoli ) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Napoli og det er 92 kommunar i provinsen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Napoli er den provinsen med høgast folketettleik i Italia. I følgje det statlege statistikkbyrået i Italia låg dei seks kommunane med høgast folketettleik (Portici, Casavatore, San Giorgio a Cremano, Melito di Napoli, Napoli og Arzano) i provinsen, og det same gjorde 11 av dei 15 øvste. Han har eit areal på 1 171 km² og totalt 3 092 859 innbyggjarar (2005).

Kart over provinsen Napoli.
Største kommunar Innbyggjarar
Napoli 983 797
Giugliano in Campania 108 492
Torre del Greco 88 540
Pozzuoli 82 503
Casoria 81 871
Castellammare di Stabia 65 794
Afragola 63 483
Marano di Napoli 58 978
Portici 57 062
Ercolano 55 310

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Capri.

Området er ein stort turistdestinasjon i Italia med mange særs kjende turistattraksjonar. Pompeii, den utgravde romerske byen som vart gravlagd av Vesuv i år 79 er av dei mest populære i Italia.[1]

Dei tre øyane Ischia, Procida og Capri i Napolibukta er òg kjende destinasjonar. På Capri finn ein den kjende blå grotta.

Sorrentinahalvøya (og byen Sorrento) har lenge ver ein stor turistdestinasjon og er mellom anna kjend for drikken Limoncello og dei lukseriøse klippene ved havet med villaer, slott, vakttårn , kyrkjer og i Vico Equense gamle gardshus.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]