Provinsen Tierra del Fuego

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den argentinske provinsen, sjå Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.
Provinsen Tierra del Fuego
Porvenir
Land  Chile
Areal 29 484,7 km²
Folketal 8 364 (2017)
Kart
Provinsen Tierra del Fuego
53°36′00″S 69°23′00″W / 53.6°S 69.383333333333°W / -53.6; -69.383333333333
Kart over regionen. Tierra del Fuego i raudt.
Kart over regionen. Tierra del Fuego i raudt.
Kart over regionen. Tierra del Fuego i raudt.
Wikimedia Commons: Tierra del Fuego Province, Chile

Provinsen Tierra del Fuego (spansk: Provincia de Tierra del Fuego - «Provinsen Eldlandet») er ein av fire provinsar i Región de Magallanes y de Antártica Chilena i Chile. Tierra del Fuego dekkjer den chilenske, vestlege delen av Storøya i Eldlandet, nord for fjellkjeda Cordillera Darwin. Provinsen er igjen inndelt i tre kommunar: Porvenir, Primavera og Timaukel. I nord grensar provinsen til provinsen Magallanes, i sør til Antártica Chilena.

Provinshovudstaden Porvenir og Cerro Sombrero er dei to største busetnadene i provinsen. I 2002 registrerte ein til saman 6904 innbyggjarar i provinsen. Dette var eit fall på 1,2 % sidan førre folketeljing i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]