Provinsen Trento
| Nasjon | |
| Region | Trentino-Alto Adige |
| Hovudstad | Trento |
| Areal | 6 207 km² |
| Folketal (2006) | 504 824 |
| Folketettleik | 81/km² |
| Kommunar | 223 |
| Bilnummer | TN |
| Postnummer | 38100 |
| Retningsnummer (tlf) | 0461-0465 |
| President | Lorenzo Dellai |
| Plasseringa til Trento i Italia | |
Provinsen Trento (italiensk Provincia autonoma di Trento, Den autonome provinsen Trento) er ein av to autonome provins i regionen Trentino-Alto Adige i Italia, som består av området Trentino. Hovudstaden er byen Trento. Han har eit areal på 6 207 km² og totalt 504 824 innbyggjarar (2006). Det er 223 kommunar i provinsen.
Regionen er kjend for fjella sine, som t.d. Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.
Geografi [endre]
Nesten heile provinsen Trento er dekka av fjell med ein stor dal som kryssar dei sentrale områda. Dalen heiter Valle dell'Adige (Adigedalen), kalla opp etter elva Adige som renn gjennom han. Dei største byane i Trentino ligg i Adigedalen, som i alle tider har vore ein av dei store gjennomfartsårene mellom Italia og Nord-Europa. Av andre dalar i provinsen finn ein Val di Non, Val di Sole, Val Giudicarie, Val di Fiemme og mange andre.
Dei største kommunane i provinsen:
| Kommune | Innbyggjarar |
|---|---|
| Trento | 110 666 |
| Rovereto | 35 231 |
| Pergine Valsugana | 18 012 |
| Arco | 15 649 |
| Riva del Garda | 15 157 |
| Mori | 8 833 |
| Lavis | 8 157 |
| Ala | 8 071 |
| Levico Terme | 6 767 |
| Cles | 6 714 |
| Borgo Valsugana | 6 570 |
| Mezzolombardo | 6 339 |
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Trento frå Engelsk Wikipedia .