Prysor-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto av sjøen Llyn Trawsfynydd med Trawsfynydd kjernekraftverk i bakgrunnen.
Afon Dwyryd ved Maentwrog.

Afon Prysor er ei elv i nordvestre Wales. Det ligg i fylket Gwynedd og har to tilsig, sideelva Afon Dwyryd som kjem via tettstadene Blaenau Ffestiniog og Ffestiniog, og dessutan sjølve Prysor som kjem sørvestfra via Trawsfynnyd.

Ved Trawsfynnyd i sør ligg det oppdemde reservoaret Llyn Trawsfynydd i Prysor-elva. Reservoaret er regulert med Maentwrog vasskraftverk (1928) og med sine 4,8 km² er det større enn den største naturlege innsjøen i Wales. Reservoaret har òg tent som kjølereservoar for Trawsfynydd kjernekraftverk (1965-91), som er nedlagt.

Afon Dwyryd renn frå nord gjennom den glaciale og breie morenedalen Vale of Ffestiniog, som er eit jordbruksområde. Utspringa til elva under fjellet Moelwyn Mawr går via reservoaret Tanygrisiau og får tilsig av Afon Goedol, Afon Bowydd og Afon Cynfal. Ved tettstaden Ffestiniog under fjellet Elidir Fawr er eit pumpekraftverk installert på Afon Dwyryd sidan 1963 - Ffestiniog vasskraftverk med to reservoar. Siste, store sideelva er Afon Tafarn-Helyg før Dwyryd renn saman med Prysor.

Dei to elvene renn samla vidare og får tilsig av sideelva Afon y Glyn før dei når ut i bukta Tremadoc Bay i Irskesjøen, ved byen Penrhyndeudraeth like austom der elva Afon Glaslyn renn ut. Her nede er det eit lågt, salthaldig men vent sletteland. Nær utløpet passerer jarnbanen langs vestkysten av Wales, medan jarnbana inne i vassdraget sørover frå Ffestiniog vart stengt på 1960-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]