Przełom Dunajca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Przełom Dunajca
Rafting på Dunajec. Ein kan sjå Trzy Korony-massivet i bakgrunnen.
Skała Ostra

Przełom Dunajca (slovakisk Prielom Dunajca; tysk Dohnst-Schlucht) er ei ravine som går gjennom Pieninyfjella sør i Polen og nord i Slovakia (Dunajec er grenseelva mellom dei to landa). Ravinen er ein av dei mest geologisk og geomorfologiske interessante strukturane og naturlege økosystema med lite menneskeleg påverknad. Området er ført opp på UNESCO si verdsarvliste i Polen.

Dunajec-ravinen er ein av dei største turistattraksjonane i Pieninyfjella. Det har vorte halde organiserte kanoturar her sidan tidleg på 1800-talet. Turen startar nær landsbyen Sromowce Kąty og endar ved feriebyen Szczawnica, 18 km lenger nede. Turen tar om lag 2-3 timar. Den andre delen av turen er berre 5 km lang og startar ved Szczawnica og endar ved byen Krościenko. Gjelet har sju store svingar. Dei omliggande fjellsidene stig 300 meter opp langs nesten heile ravinen.

Ravinen er ein del av Pieniny nasjonalpark. Det unike plante- og dyrelivet i området kjem av at bergartane her består av kalkstein og dolomitt.

Koordinatar: 49°24′N 20°24′E

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Przełom Dunajca

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.