Pseudomorfose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pseudomorfose av goethitt etter pyritt.

Pseudomorfose er eit nydanna mineral som er oppstått gjennom ein kjemisk eller strukturmessig forandring av eit anna mineral utan at den ytre forma er endra. Det nydanna mineralet vil dermed opptre med ei krystallform som tilhøyrer det opphavlege mineralet. Ofte blir det danna pseudomorfosar ved ein kjemisk reaksjonsprosess, t.d. sølvglans etter sølv, goethitt etter pyritt eller serpentin etter olivin. Det kan òg hende at den opphavlege substansen blir fortrengt av eit heilt nytt stoff, t.d. kvarts etter fluoritt eller kopar etter aragonitt. Ei spesiell form for pseudomorfose utan kjemisk endring blir kalla paramorfose.

Ein perimorfose oppstår når eit mineral blir dekt av ei skorpe av eit anna mineral og det opphavlege mineralet deretter vert løyst opp, slik at det etterlatast eit holrom.

Studiet av pseudomorfosar har stor tyding for forståinga av minerala sine omdanningsprosessar og dei vilkåra desse føregår under. Eit grunnleggjande arbeid om pseudomorfosar vart skrive av W. K. von Haidinger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]