Pu'er
Pu'er (kinesisk: 普洱; pinyin: Pǔ'ěr) er eit byprefektur sørvest i provinsen Yunnan i Folkerepublikken Kina. Prefekturet grensar i vest til Myanmar og heilt i søraust til Laos. Pu'er har eit areal på 45 385 km² og eit folketal på om lag 2,36 millionar.
Byprefekturet Pu'er omfattar eitt distrikt (区 qū) og ni autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Innhaldsliste |
Næring [endre]
Pu'er-teen, ein av Kinas mest kjende tesortar, kjem frå fylket Ning'er i byprefekturet.
Samferdsle [endre]
Kinas riksveg 213 går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos. Også Kinas riksveg 323 leier gjennom området. Han byrjar i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Myanmar.
Historie [endre]
Mellom 1950 og 2007 heitte byprefekturet for Simao.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pu'er» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2012.