Pub

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inne i ein typisk engelsk pub. Dette er «Penruddocke Arms» i Wiltshire.

Pub (frå eng. public house, 'allmugehus'), på norsk uttalt «pøbb», er eit opphavleg britisk omgrep for ei skjenkestove for folk flest. Omgrepet dekker fleire typar stader som serverer alkohol, særleg øl, og gjerne også matretter. Pubar er også sosiale samlingsstader som kan ha underhaldning, som musikk, sport og spel, og rom til utleige for festleg bruk.

Skilt til puben «Kings Head» i France Lynch i Gloucestershire.

Britiske pubar er særmerkte av at dei som regel har namn som er uttrykte gjennom skiltbilete, som dyr eller ting (t.d. «The White Horse», 'Den kvite hesten', «The Bell», 'Klokka'), heraldiske våpen eller symbol (som «The King's Head», 'Kongshovudet', eller «The Royal Arms», 'Kongsvåpenet') eller ulike avleiingar av desse.

Pubane har utvikla ein eigen stil med eit avslappa, heimekoseleg interiør som kan omfatta mønstra golvteppe, polstra sete, enkle trebord og mørke eller dekorerte veggar er vanlege. Denne stilen er vidareført til ei rekkje land, der ein kan finne serveringsstader som marknadsfører seg som «irske» eller «engelske» pubar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pub