Puente de las Américas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puente de las Américas

Typebuebru med bue delvis nedenfor brubanen, Fritt frambyggbru, fagverksbru, tied-arch bridge, stålbru, vegbru, skråkabelbru
StadBalboa
Opna12. oktober 1962, 1962
Lengd1 654 meter
Høgd106 meter
Største spenn344 meter
KryssarPanamakanalen
Materialebetong
Kart
Puente de las Américas
8°56′35″N 79°33′54″W / 8.9430555555556°N 79.565°W / 8.9430555555556; -79.565

Puente de las Américas (norsk Brua over Amerikaene, engelsk Bridge of the Americas) er ei vegbru i Panama, som går over StillehavsmunningaPanamakanalen. Ho vart bygd i 1962 til ein pris av 20 millionar amerikanske dollar, og ho var den einaste brua som forbatt Nord-Amerika og Sør-Amerika til Puente Centenario vart opna i 2004.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Puente de las Américas kryssar Panamakanalen ved Stillehavsmunninga i Balboa, nær Panama City. Ho vart oppført i perioden 1959-1962 av USA.

Brua er ei bogebru på 1 654 m med 14 fag. Midtfaget er 344 m. Det høgste punktet på brua er 117 moh., og det er 61,3 m frihøgde under midtfaget ved høgvatn. Det er breie tilkøyrselsvegar i kvar ende og gangsti på kvar side av brua.

Frå brua var ferdig i 1962 til opninga av Puente Centenario i 2004 var Puente de las Américas ein sentral del av Panamerika Highway. Som den einaste faste passasjen over Panamakanalen var ho det einaste permanente sambandet mellom Nord- og Sør-Amerika sidan opninga av kanalen i 1914. Det er ei lita svingbru som er innebygd i slusa i Gatún, og ei dreiebru til bilar og tog vart bygd i Miraflores i 1942, men desse bruene kan berre brukast når slusene er att, og dei har avgrensa kapasitet.

Brua er eit imponerande syn, og det er god utsikt frå Balboa Yacht Club, der mange småskip ankrar opp før eller etter gjennomseglinga av kanalen. I løpet av eit døgn passerer eit stort tal fartøy under brua, enten på veg til eller frå Panamakanalen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Behovet for ei bru[endre | endre wikiteksten]

Ein var tidleg merksame på at det franske prosjektet med å konstruere ein kanal ville tyde, at Colón og Panama City ville verte avskore frå resten av landet av den nye kanalen. Også under sjølve kanalbygginga var dette tydeleg, då ein måtte bruke prammar for å transportere bygningsarbeidarar fram og tilbake over kanalen.

I perioden der kanalen vart opna steig bilmengda, og saman med etableringa av ein ny veg til Chiriquí i det vestlege Panama tyda det behov for å kunne kome over kanalen. Panama Canal Mechanical Division tok fatt på dette problemet i 1931 med innsetjinga av to nye ferjer. Ei utviding av tilbudet med fleire prammar fann stad i 1940, men det var primært til gagn for militæret.

I 1942 vart ei svingbru til veg og jernbane etablert på Miraflores-slusene. Sjølv om ho berre kunne brukast når det ikkje var skip i slusa, gjorde ho likevel til mindre trafikkpress over kanalen. Det var likevel tydeleg at der måtte ei noko meir omfattande løysing til, også sjølv om endå ei ferje vart sett inn same år.

Bruprosjektet[endre | endre wikiteksten]

Idéen om ei fast bru over kanalen hadde vorte framsett med høg prioritet så tidleg som i 1923. Dei vekslande regjeringane i Panama prøvde å presse USA som kontrollerte kanalsonen, og i 1955 vart det inngått avtale om at USA skulle bygge brua.

Kontrakten på 20 millionar dollar gjekk til John F. Beasly & Company, og prosjektet vart starta ved ein seremoni 23. december 1958 med medverknad av USA sin ambassadør Julian Harrington og presidenten i Panama, Ernesto de la Guardia Navarro. Sjølve bygginga starta i oktober året etter og tok nesten to og eit halvt år å gjennomføre.

Opninga av brua fann stad 12. oktober 1962 ved ein stor seremoni. Dagen starta med ein konsert med amerikanske militærorkester og nasjonalgarden i Panama sitt orkester. Etter det fylgde taler, bøn, musikk og nasjonalsongane til begge landa. Tråden vart klipt over av Maurice H. Thatcher, og deretter fekk dei som var tilstades lov til å gå over brua. Det vart teke store tryggleikssikringar for å halde styr på den store menneskemengda. Seremonien vart intensivt dekt med radio- og fjernsynssendingar.

Bruken[endre | endre wikiteksten]

Ved opninga vart brua eit viktig ledd i Panamerika Highway, og omkring 9 500 køyretøy passerte dagleg brua. Dette talet steig, og i 2004 var det omkring 35 000 køyretøy som dagleg køyrde over brua. Ho vart difor ein flaskehals på motorvegen, og ho vart avløyst av Puente Centenario som no er hovudsambandet over Panamakanalen og ein del av Panamerika Highway.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Brua vart opphavleg kalla (spesielt av folk frå USA) Thatcher Ferry Bridge etter namnet på den fyrste ferja som kryssa kanalen om lag på same stad som brua vart bygd på. Ferja var oppkalla etter Maurice H. Thatcher som hadde vore medlem av kanalkommisjonen som førebudde lovgjevinga som var nødvendig for å mogleggjere ferja. Det var òg han som opna brua.

Dette namnet var upopulært hjå regjeringa i Panama som føretrekte Puente de las Américas. Brua fekk dette namnet offisielt etter vedtaket av ein resolusjon i Nasjonaforsamlinga ti dagar før brua opna.

Interessant nok sa viseutanriksminister George W. Bell i si tale under opningsseremonien: «Vi kan i dag sjå på denne brua som eit nytt og lysande skritt mot virkeleggjeringa av draumen om Panamerika Highwayen, som no nesten er ein realitet. Den store brua vi opnar i dag – i sanning ei bru over Amerikaene – utgjer siste trinn i highwayen frå USA til Panama.»[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]