Puerto Toro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puerto Toro i 2008.

Puerto Toro er ein liten fiskarlandsby i Chile aust på Navarino-øya i Eldlandet. Han ligg på 55°05′00″S 067°04′30″W, og er difor rekna for å vera den sørlegaste aktive busetnaden på jorda.

Staden vart grunnlagt i 1892 under gullrushet i Eldlandet. Sidan den tid har folketalet sokke kraftig, men enno i 2002 budde det 36 menneske i Puerto Toro. Administrativt ligg han i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]