Puerto Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Puerto Williams
Utsikt mot hamna med kvasse fjell i bakgrunnen.  Oktober 2007.
Utsikt mot hamna med kvasse fjell i bakgrunnen.
Oktober 2007.
Styresmakter
Land
Region
Provins
Øy
Chile
Región de Magallanes y de Antártica Chilena
Antártica Chilena
Navarino-øya
Grunnlagt 21. november 1953
Alcalde Hugo Henriquez Matus
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2002)

2262
Koordinatar 54°56′″S 67°37′″WKoordinatar: 54°56′″S 67°37′″W
Tidssone -4 (UTC-4)

Puerto Williams er ein liten hamneby på Navarino-øya i Eldlandet, heilt sør i Chile. Byen er provinshovudstad i Antártica Chilena, som er underordna Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Dersom ein reknar Puerto Williams som ein by, er han den sørlegaste byen i verda. Viss ikkje, er det Ushuaia (ca. 57 000 innb.) på den argentinske delen av Eldlandet som går av med tittelen verdas sørlegaste by.

Namn og grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd den 21. november 1953 som Puerto Luisa, men namnet vart snart skift til Puerto Williams etter den britiske sjøfararen John Williams Wilson (1798-1857). Wilson oppheldt seg mykje i Chile og var grunnleggjaren av Fuerte Bulnes; den fyrste busetnaden i Magellansundet sidan 1587.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Puerto Williams er bygd rundt ein marinebase (verdas sørlegaste), og mange av innbyggjarane jobbar i det militære. Dei siste åra har det sivile folketalet aukt - i år 2002 var det totale folketalet kome opp i 2262. Marinesjukehuset i byen vart opna i 1960. Puerto Williams er også ein avgjerande viktig by for båttrafikk gjennom Magellansundet. Ifylgje ein kontrakt underskriven av Argentina og Chile i 1984, må alle som vil reisa til sjøs frå Stillehavet til Atlanterhavet gjennom Magellansundet starta i Puerto Williams.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Punta Arenas er utgangspunktet for å koma til Puerto Williams. Herifrå går det ferje til Navarino-øya ein gong i veka samt småfly til Puerto Williams to gonger dagleg på vekedagar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme i Puerto Williams blir stadig meir populært. Mange brukar byen som utgangspunkt for fotturar i fjella, og overnattar på vandrarheimar eller gjesteheimar i byen. Det er også mogleg å fiska eller padla kajakk. Her finst òg verdas sørlegaste museum - eit antropologisk museum som har utstillingar om dei innfødde Yaghan- og Selk'nam-folka. Puerto Williams har også ein botanisk hage med subantarktisk flora. Dessutan husar Puerto Williams verdas sørlegaste yachtklubb.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]