Puertollano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Puertollano
Byvåpenet til Puertollano
Byvåpenet til Puertollano


Plassering
Puertollano is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla-La Mancha
Provins Toledo
Grunnlagd 1200-talet
Borgarmeister Joaquín Carlos Hermoso Murillo
Geografi
Flatevidd
 - By

226,74 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

51 305
  226,3 /km²
Koordinatar 38°41′″N 4°7′″WKoordinatar: 38°41′″N 4°7′″W
Høgd over havet 708 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 13500
Nettstad: www.puertollano.es

Puertollano er ein industriby i provinsen Ciudad Real i Castilla-La Mancha i Spania. Han ligg ved snøggleiksbanen AVE mellom Madrid og Sevilla og har kring 50 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Santa Bárbara-kyrkja
San José-kyrkja

Arkeologiske funn viser at det har budd folk her sidan førhistorisk tid. Her er òg funne våpen frå bronsealderen og vestgotisk gravplass frå tida etter Romarriket.

Seinare danna regionen eit ingemannsland mellom det kristne Nord-Spania og det mauriske kalifatet i sør.

Då spanjolane vann slaget ved Las Navas de Tolosa (1212) vart regionen gjenerobra. Styresmaktene oppfordra folk frå Nord-Spania til å busetje seg i dei nyerobra områda. Puertollano (då Puertoplano) vart grunnlagd som ei lita grend kort tid etter. I 1348 herja svartedauden i landsbyen og berre 13 innbyggjarar overlevde.

Puertollano fekk landsbystatus (Villa) på 1500-talet. Han voks sakte som ein liten by og spesialiserte seg på tekstilar og keramikk, fram til 1873 då det vart starta kolgruvedrift i nærleiken og folketalet voks raskt. I 1920 hadde byen fått 20 000 innbyggjarar og fekk bystatus (Ciudad) i 1925.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]