Puffin Island i Anglesey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Puffin Island sett frå Penmon Point

Puffin Island (walisisk Ynys Seiriol) er ei folketom øy utanfor austenden av Anglesey i Wales. Ho vart tidlegare kalla Priestholm på engelsk og Ynys Lannog på walisisk.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Puffin Island er den niande største øya utanfor kysten av Wales. Ho består av kalkstein og det høgaste punktet er 58 meter over havet. Øya har bratte klippesider på alle sider. Øya har eit areal på 0,28 km² og er i privat eige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over øya frå 1947

Det walisiske namnet Ynys Seiriol syner til St. Seiriol, som grunnla eit klostersamfunn på øya, og på Trwyn Du (Penmon Point) på fastlandet like ovanfor øya, på 500-talet. Seiriol skal visstnok vere gravlagd på øya.

Det låg eit kloster på øya seint på 1100-talet og dette vart nemnd av Giraldus Cambrensis, som vitja området i 1188. Han hevda at når det var ein strid i munkesamfunnet, kom ein flokk mus og åt opp all maten deira. Kong Cadwallon ap Cadfan av Gwynedd skal ha søkt ly her rundt år 640 då han flykta frå ein invasjon frå Northumbria. Llywelyn den store gav ut to privilegium i 1221 og 1237 som stadfesta augustinarkorherrene sin rett til øya og eigedomen på Penmon. Ruinane av klosteret er framleis synlege på øya, mellom anna restane etter ei kyrkje frå 1100-talet.

Mykje seinare vart det bygd ein telegrafstasjon nordaust på øya.[1]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Øya har status som Special Protection Area[2] (SPA, særskild verneområde), særleg på grunn av den store storskarv-kolonien på over 750 par som hekkar her. Dette er ein av dei største koloniane i Storbritannia. Her finst òg ein del teist, alke, skarv og krykkje som hekkar, samt eit fåtal ærfugl og lomvi. Lundefuglen som øya er kalla opp etter vart det tidlegare langt fleire av, opp mot 2000 par. Brunrotte vart innført på øya ved eit uhell på 1800-talet, og dette reduserte denne kolonien til eit fåtal. Etter at rottene meir eller mindre vart utrydda frå øya frå 1998, har lundefuglbestanden auka att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Faster Than The Wind, The Liverpool to Holyhead Telegraph, Frank Large, ISBN 0952102099
  2. Skildring av UK SPA

Koordinatar: 53°19′7″N 4°1′47″W