Pulmonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pulmonologi eller pneumologi er den greina av klinisk medisin som omhandlar sjukdommar i dei nedre luftvegane — det vil seie lungene og luftrøyret. Pulmonologi blir òg kalla «bringemedisin» og «respirasjonsmedisin» i ein del land og område. Pulmonologi blir generelt rekna som ei grein av indremedisin, men ligg òg nærme opp til intensivmedisin i samband med behandling av pasientar med respirator. Kirurgi i dei nedre luftvegane blir generelt utført av spesialistar i kardiotorakal kirurgi.

«Bringemedisin» i vidaste forstand er strengt teke ikkje ei medisinsk grein i seg sjølv, men er eit inklusivt omgrep som viser til behandling av sjukdommar i bringa og som omfattar felta pulmonologi, torakal kirurgi og intensivmedisin.

Pulmonologi i snever forstand omhandlar diagnostisering og behandling av lungesjukdommar såvel som sekundær førebygging (tuberkulose). Lækjarar som har spesialisert seg på dette området blir kalla pulmonologar.

Diagnostikk[endre | endre wikiteksten]

I medisin kan generelt 50 % av alle diagnosar bli stilte ved innsamling og grundig analyse av sjukdomshistoria åt pasienten. Slik er det òg med lungesjukdommar. Pulmonologar vil normalt arbeide ut ei generell utgreiing med fokus på:

Fysikalsk diagnostikk er like viktig i pulmonologien som i dei andre greinene av klinisk medisin:

Ettersom mange hjartesjukdommar kan gje seg til kjenne med lungesymptom, vil ei pulmonologisk utreiing oftast inkludere ei grundig undersøking av hjarta òg.

Andre reiskapar og teknikkar inkluderer:

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Kirurgisk behandling blir generelt utført av (kardio-)torakale kirurgar, oftast etter primærutreiing ved ein pulmonolog.

Medisinering er den viktigaste behandlingstypen for dei fleste sjukdommane innanfor pulmonologi. Viktige lækjemiddeltypar inkluderer inhalasjonspreparat (særleg bronkodilatorar og steroidar) og orale preparat (særleg antibiotika og leukotrine antagonistar).

Oksygenterapi er ofte naudsynt i samband med alvorleg lungesjukdommar som lungeemfysem og lungefibrose. Når dette ikkje strekkjer til, kan det vera aktuelt med respiratorbehandling. I mellom rein oksygenterapi og respitatorbehanling ligg CPAP og BIPAP, som aukar lungevolumet med maskinstøtte utan å ta over pustearbeidet.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Pulmonologar er lækjarar som etter å ha motteke ein medisinsk grad (t.d. Dr.med., MD eller DO) har fullført ein praksisperiode på minst tre år innanfor indremedisin og deretter minst to år som turnuskandidat med spesialtrening i pulmonologi.

Sjukdommar som blir behandla av pulmonologar[endre | endre wikiteksten]

Vitskapleg forsking[endre | endre wikiteksten]

Pulmonologar kan vera involverte i både klinisk forsking og grunnforsking i samband med andedrettssystemet — frå anatomiske skildringar av bronkie-epitelium til den mest effektive behandlinga av pulmonær hypertensjon (ein sjukdom som er audkjend som notorisk behandlingsresistent).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Helsefag – Hovudgreiner av klinisk medisin
akuttmedisin | allmennmedisin | anestesiologi | dermatologi | folkehelse & yrkesmedisin | indremedisin | intensivmedisin | kirurgi | nevrologi | obstetrikk & gynekologi | pediatri | podiatri | psykiatri | radiologi
Greiner av indremedisin
endokrinologi | epidemiologi | gastroenterologi | hematologi | kardiologi | nefrologi | onkologi | pulmonologi | revmatologi
Greiner av kirurgi
generell kirurgi | kardiotorakal kirurgi | karkirurgi | nevrokirurgi | optalmologi | organtransplantasjon | ortopedisk kirurgi | otolaryngologi (ØNH) | pediatrisk kirurgi | plastisk kirurgi | podiatrisk kirurgi | urologi