Pulsåre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blodårene i menneskekroppen, pulsårene markerte med raudt.

Pulsårer (også kalla arterier, frå gresk aeirein løfta, via latin arteria) er blodårer som leier blod ut frå hjartet. Dei kallast pulsårer av di hjarteslaga får dei til å pulsera. Det er to årer som går ut frå menneskehjartet: lungepulsåra leier oksygenfattig blod frå høgre hjartekammer til lungene, mens livpulsåra eller aorta forsyner kroppen med oksygenrikt blod frå venstre hjartekammer. Heilt i starten av aorta går dei to kranspulsårene av, dei forsyner hjartemuskelen med blod.

Oppbyggnad[endre | endre wikiteksten]

Pulsårene har tre skilde lag med vev:

  • (Tunica) intima ligg inst mot blodet. Her er det mest endotel-celler.
  • (Tunica) media ligg i midten. Her er det muskel-celler og elastisk vev.
  • (Tunica) adventia ligg ytst og kapslar inn det heile, her er det bindevev.

Pulsårene blir mindre etter kvart som dei forgreinar seg og avstanden frå hjartet aukar. Etter kvart går dei over i arterioler som igjen går over i kapillærar.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]