PulseAudio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
PulseAudio
Utviklar: Lennart Poettering, Pierre Ossman, Shahms E. King, Tanu Kaskinen, Colin Guthrie
Nyaste versjon: 1.99.2 (28. mars 2012)
Operativsystem: Linux, FreeBSD, NetBSD, OpenBSD, Solaris, Mac OS X, Windows
Skrive i: C
Type: Audioteknologi
Lisens: LGLP
Nettstad: pulseaudio.org/

PulseAudio (tidlegare Polypaudio) er ein audiotenar som kan nyttast både lokalt og over nettverk. PulseAudio er skriven for programvaregrensesnittet POSIX og køyrer på Linux og UNIX-type operativsystem som FreeBSD og Solaris. PulseAudio er òg tilgjengeleg for Windows via programmeringsgrensesnittet Win32.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

PulseAudio automatiserer i stor grad ruting og miksing av audio frå fleire brukarprogram og gjer livet lettare for brukarar som ikkje ynskjer å bruka tid på å konfigurera JACK (dei fleste brukarane). Men PulseAudio gjev ikkje brukarane same moglegheiter for detaljert konfigurering av Linux-audio-infrastrukturen som JACK. PulseAudio og JACK fyller difor ulike behov. PulseAudio høver for ikkje-tekniske brukarar, medan JACK oppfyller krava til profesjonelle brukarar.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Oversyn over arkitekturen til PulseAudio.