Punktkjelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei punktkjelde er ei idealisert energikjelde med ein viss posisjon og utan noko utstrekking. Punktkjelder vert nytta i matematiske modellar, der dei kan tilnærmast som eit matematisk punkt slik at ein kan gjere forenkla analysar.

Den faktiske kjelda treng ikkje vere fysisk liten, om ein kan sjå bort frå storleiken i forhold til lengdeskalaen i problemet. Til dømes kan stjerner handsamast som punktkjelder i astronomien, sjølv om dei i røynda er langt større enn jorda. Når lyset stråler radielt utover følgjer det prinsippet om at energibevaring at lysintensiteten minkar proporsjonalt med kvadratet av avstanden. Om ein kjenner lysstyrken til kjelda, kan ein då frå den observerte lysstyrken rekne ut avstanden til lyskjelda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]