Punta San Matteo

Koordinatar: 46°22′44″N 10°34′0″E / 46.37889°N 10.56667°E / 46.37889; 10.56667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Punta San Matteo
fjell
Punta San Matteo sett frå nord
Land  Italia
Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 678 moh.
Førstestiging Francis Fox Tuckett, George Henry Fox,
Douglas William Freshfield, James H. Backhouse
 - dato 1865
Koordinatar 46°22′44″N 10°34′0″E / 46.37889°N 10.56667°E / 46.37889; 10.56667
Kart
Punta San Matteo
46°22′44″N 10°34′00″E / 46.378888888889°N 10.566666666667°E / 46.378888888889; 10.566666666667
Wikimedia Commons: Punta San Matteo

Punta San Matteo er ein 3 678 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Trento og Sondrio i Italia. Toppen ligg på same fjellryggen som Monte Vioz, om lag fire kilometer sørvest for denne, på ein fjellrygg som vidare mot sørvest endar mot Gaviapasset. Den bredekte fjelltoppen dannar sørgrensa for isbreen Ghiacciaio dei Forni.

Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen den 28. juni 1865 av dei britiske fjellklatrarane Francis Fox Tuckett, George Henry Fox, Douglas William Freshfield og James H. Backhouse. Dei var i fylgje med førarane François Devouassoud frå Chamonix og Peter Michel frå Grindelwald.

Punta San Matteo er eit ynda turmål for skituristar, då han på vårparten er grei å nå både frå fjellhytta Rifugio Cesare Branca og frå Gaviapasset.

Kartografen Julius Payer gav fjellet det noverande namnet, ettersom han kleiv til topps den 21. september 1867, minnedagen for evangelisten Matteus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]