Purple Haze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Purple Haze
Singel av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Are You Experienced
B-side

«51st Anniversary»

Språk engelsk
Utgjeve 17. mars 1967
Innspelt 11. januar og 3. februar 1967 i De Lane Lea og Olympic Studios i London i England
Sjanger Hardrock, acidrock
Lengd 2:50
Selskap Track
Komponist Jimi Hendrix
Tekstforfattar Jimi Hendrix
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi 
«Hey Joe»
(1966)
Purple Haze «The Wind Cries Mary»
(1967)


«Purple Haze» er ein song skriven i 1966 og spelt inn i 1967 av The Jimi Hendrix Experience. Han vart først gjeven ut på singel og sidan på den amerikanske utgåva av albumet Are You Experienced i 1967. «Purple Haze» har vorte «ein av dei urtyiske psykedeliske dopsongane frå 60-åra»[1] og vert ofte omtalt som ein av dei største songane til Jimi Hendrix, og er for mange signaturlåten hans.

Songen kom til etter at manageren Chas Chandler høyrde han spele riffet back scenen og foreslo at han skulle skrive ein tekst til. Det er noko usemje om tekste: han vart visstnok skriven i garderoben på Upper Cut Club andre juledag i 1966, Chandler hevdar at teksten ikkje vart endra på noko måte (som visstnok var vanleg med tekstane Hendrix skreiv), medan Hendrix hevdar at den originale songen inneheldt langt meir tekst.[2] Hendrix sjølv nekta for at det var dopreferansar i songen, og at det berre var enno ein kjærleikssong. Ha sa at linja «What ever it is, that girl put a spell on me» er den viktigaste linja i teksten.[3]

Singelen vart gjeven ut i Storbritannia den 17. mars 1967 og nådde 3. plass. Han vart gjeven ut i USA den 19. juni 1967 der han nådde 65. plass.[4]

I mars 2005 rangerte Q «Purple Haze» som den beste gitarsongen nokon sinne.[5] Rolling Stone rangerte songen på 17. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.[6]

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Ein ofte feiltolka del av teksten er linja «excuse me while I kiss the sky», som stundom vert mistolka som «excuse me while I kiss this guy». Jimi Hendrix var sjølv klar over dette og som ein spøk song han faktisk denne linja på ein konsert.[7], mellom anna på Monterey Pop Festival i 1967.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Bill Cosby nytta «Purple Haze» som grunnlag for tittelsporet for albumet Hooray for the Salvation Army Band, men Hendrix vart ikkje tilskriven på plateomslaget. Johhny Jones & the King Casuals spelte «Purple Haze» i 1968. Hendrix var medlem av The King Casuals før han starta solokarrieren sin. Ein popversjon av Dion nådde 72. plass i Canada i februar 1969. I Apocalypse Now frå 1979 kasta rollefiguren Lance ein rosa røykgranat og syng songen, medan han er på LSD.

I Cheech & Chong-filmen Nice Dreams frå 1981 syng ein svart pasient kledd som Jimi Hendrix ein parodi av «Purple Haze».

Andre som har spelt songen er Art Ensemble of Chicago, Winger, Ozzy Osbourne, Frank Zappa, The Bobs, Tangerine Dream, The Cure, Buena Vista Social Club, Iggy Pop, D.H. Peligro og Brian May og bandet hans 1984.

Songen vart nemnd i Traveling Wilburys-songen «End of the Line» i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shapiro, Harry; Caesar Glebbeek (1995). Jimi Hendrix, Electric Gypsy. MacMillan. s. 148. ISBN 9780312130626. «Purple haze is also known as a type of weed - figures, Jimi.» 
  2. Shapiro and Glebbeek, Jimi Hendrix, Elektrisk Gypsy, 147.
  3. Liner notes of 1993 CD reissue of the album
  4. Shapiro og Glebbeek, Jimi Hendrix, Electric Gypsy, 524-526.
  5. «Rocklist.net...Q Magazine Lists». Rocklistmusic.co.uk. Henta 16. mars 2011. 
  6. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. desember 2006. Henta 15. mars 2011. 
  7. «The Jimi Hendrix Story - 'scuze me while I kiss this guy!». Kissthisguy.com. Henta 16. mars 2011.