Purpurmøll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Purpurmøll


Eriocrania subpurpurella
Eriocrania subpurpurella lever i tilknytnad til eik og finst over nesten heile Europa.

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Lepidoptera
Overfamilie: Eriocranioidea
Familie: Eriocraniidae
Vitskapleg namn
Eriocraniidae

Purpurmøll (Eriocraniidae) er ei særs lita familie sommarfuglar som finst i tempererte område på den nordlege halvkula. På verdsbasis er det skildra 24 artar, kor 8 førekjem i Norden. Larvane deira er parasittar på lauvtre, kor dei minerar særeigne gangar i blad.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Purpurmøll er små møll; hjå dei nordiske artane varierer vengespennet frå 8 til 16 mm. Forvengene er metalliske og er spragla eller marmorert i gull, purpur, bronseraude og/eller blå fargar. Hovudet og framkroppen er dekt med tjafsute, hårliknande skjel. Ein kan best skilja dei frå kjevemøll på at dei har ein kort sugesnabel og treledda labialpalpar.

Artane liknar mykje på kvarandre, og ein må så godt som alltid sjå på kjønnsorgana for å kunne identifisera dei. Hoene er det stundom umogleg å bestemma, trass i at mange artar har særskilde kjenneteikn på undersida av bakkroppen: Fjerde segment ber to gjennomsiktige flekkar ein kallar «vindauge», og på femte segment har hoene tuberklar dei skil ut feromon gjennom.

Larvane er lange, tynne og kvite til gråaktige med mørkt farga munndelar. Dei har små hovud dei kan dra halvveges inn i mellomkroppen, og ein bakkropp som vert smalare lenger bak. Stundom kan ein identifisera ein art ut frå larven sin utsjånad kombinert med opplysingar om vertsplante.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Lauvmine frå Eriocrania salopiella

Purpurmøll er aktive om morgonen og om kvelden på våren og tidleg på sommaren. Hoene legg dei ovale, glatte egga sine på unge blad om lag på den tida lauva til vertsplanten sprett. Typiske vertsplantar kan vera bjørk, hassel eller eik, avhengig av art. Larven et i vevet på innsidan av bladet, og grev miner som er synlege frå begge sider av bladet. Det er lett å sjå at ei mine er frå purpurmøll på dei spiralforma eller snirklute ekskrementrestane som ein ser tydeleg gjennom det nesten glasklare lauvet.

Larven et i berre to til tre veker, før han firer seg ned til bakken. Her grev han seg ned og lagar ein hard kokong til å overvintra i før han forpuppar seg til våren. Puppen kan røyra seg, og nyttar dei lange mandiblane til å ta seg ut av kokongen. Når han er ute klatrar han opp til overflaten, der den vaksne sommarfuglen klekker.

Livssyklusen kan ta eitt til to år.

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • Eriocrania subpurpurella
  • E. unimaculella
  • E. sparrmannella
  • E. salopiella
  • E. cicatricella
  • E. sangii
  • E. semipurpurella

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bengtsson, Bengt Å. 2008. «Eriocraniidae - purpurmalar», s. 57-72 i Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Fjärilar: Käkmalar-säckspinnare. Lepidoptera: Micropterigidae-Psychidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala