Push the Sky Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Push the Sky Away
Studioalbum av Nick Cave and the Bad Seeds
Språk engelsk
Utgjeve 18. februar 2013
Innspelt 2011-2012 i La Fabrique i Saint-Rémy-de-Provence i Frankrike
Sjanger Alternativ rock
Lengd 42:40
Selskap Bad Seed Ltd.
Produsent Nick Launay
Nick Cave and the Bad Seeds-kronologi 
Dig, Lazarus, Dig!!!
(2008)
Push the Sky Away
Singlar frå Push the Sky Away
  1. «We No Who U R»

Push the Sky Away er det femtande studioalbumet til det australske alternativ rock-bandet Nick Cave and the Bad Seeds og kom ut 18. februar 2013[1] på bandet sitt eige plateselskap, Bad Seed Ltd.[2] Det vart spelt inn i La Fabrique sør i Frankrike og er det første albumet til bandet utan Mick Harvey, som slutta i bandet i januar 2009.[3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Push the Sky Away vart spelt inn i La Fabrique, eit platestudio i ein herregard frå 1800-talet i Saint-Rémy-de-Provence i Frankrike. Det vart produsert av Nick Launay, som produserte dei tre førre albuma til Nick Cave and the Bad Seeds og to studioalbum av Grinderman. Delar av innspelinga vart filma og klipp hamna i den offisielle traileren for albumet, posta på YouTube då albumet vart annonsert.[4] Bandet gjekk i studio med Nick Cave sine uferdige idear og bandet skreiv songane ferdig i lag.[5]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Om Push the Sky Away sa Nick Cave i pressa «om eg skulle bruke den loslitte metaforen om at album er som born, så er Push The Sky Away eit spøkelsesbarn i kuvøse og lydsløyfene til Warren er barnet sine små, skjelvande hjarteslag.»[6] Songen vart skrive i løpet av ein tolvmånadersperiode og vart nedskrivne i ei notatbok av Cave. Notatboka inneheld merknader om songane på albumet, som vart komponerte ut frå «å google rare ting og eksotiske artiklar på Wikipedia, same om dei var sanne eller ikkje».[6] I følgje Cave illustrer songane korleis Internett har påverka «viktige hendingar og mystiske absuriditetar» og «set spørsmålsteikn ved korleis me skal kjenne att og legge vekt på det som faktisk er viktig.»[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Push the Sky Away vart annonsert 27. november 2012 og kom ut 13. februar 2013 på CD, LP, som digital nedlasting og som ein avgrensa CD/DVD og ein «Super Deluxe» plateboks.[6] Den første singelen frå albumet var «We No Who U R», som vart tilgjengeleg for nedlasting den 3. desember.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«We No Who U R»4:04
2.«Wide Lovely Eyes»3:40
3.«Water's Edge»3:49
4.«Jubilee Street»6:35
5.«Mermaids»3:49
6.«We Real Cool»4:18
7.«Finishing Jubilee Street»4:28
8.«Higgs Boson Blues»7:50
9.«Push the Sky Away»4:07
Total lengd:42:40
Deluxe limited edition[7] bonusplate
Nr.TittelLengd
10.«Needle Boy»4:04
11.«Lightning Bolts»3:42
iTunes[8] bonus material
Nr.TittelLengd
10.«The Making of Push the Sky Away»6:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snapes, Laura (27 November 2012). «Nick Cave and the Bad Seeds Announce New Album, Push the Sky Away | News». Pitchfork Media. Henta 19. februar 2013. 
  2. «Nick Cave and the Bad Seeds – Push The Sky Away». AWAL. Arkivert frå originalen 14. desember 2012. Henta 19. februar 2013. 
  3. «Nick Cave and the Bad Seeds announce new album Push the Sky Away | News». NME. IPC Media. 27 November 2012. Henta 19. februar 2013. 
  4. «Nick Cave & the Bad Seeds – Push the Sky Away (Trailer)». YouTube. Google. 27 November 2012. Henta 19. februar 2013. 
  5. Turner, Luke (27 November 2012). «News | Nick Cave & the Bad Seeds: LP Details!». The Quietus. Henta 19. februar 2013. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Nick Cave & the Bad Seeds – New Album – Push the Sky Away – Out 18 Feb 2013». Sandbag UK. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 27 November 2012. 
  7. «Push the Sky Away [Deluxe Limited Edition]: Music». Amazon. Henta 3 December 2012. 
  8. «Music – Push the Sky Away by Nick Cave & the Bad Seeds». iTunes Store. Apple. Henta 3 December 2012. 

Mal:Nick Cave and the Bad Seeds