Pussereke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boksarreke er mellom dei mest kjende pussereke-artane.

Pussereker er eit ord som vert brukt om alle symjande tifotkreps (særleg reker eller rekeliknande dyr) som et parasittar frå større organismar. Dei vert ofte nytta som døme på mutualistisk symbiose; det vil seie samliv mellom ulike organismar kor begge partar dreg nytte av samlivet. I dette høvet får fisk forbetra helsa si ved at rekene plukkar av parasittar og daudt vev, medan reka på si side både får mat og unngår å bli eten av fisken.

Pusserekene er ei polyfyletisk gruppe som byggjer på andre kriterium enn evolusjonært slektskap. Dei er ikkje i nær slekt, sjølv om alle høyrer til ordenen tifotkreps (Decapoda). Dei pussande artane me kjenner høyrer til dei tre ulike familiane Palaemonidae, Hippolytidae og Stenopodidae. Stundom vert namnet nytta berre om slekta Lysmata, som høyrer til Hippolytidae.

Pussereker er vanleg å ha i saltvassakvarium for å halda akvariet reint og fiskane sunne.