Puyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Puyang-prefekturet i Henan

Puyang (kinesisk: 濮阳; pinyin: Púyáng) er eit byprefektur nordaust i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet ligg ved nordbreidda av Chang Jiang, og grensar i aust mot provinsen Shandong og i nord mot provinsen Hebei. Puyang har eit areal på 4 188 km² og hadde 3,6 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Puyang omfattar eitt bydistrikt (区 ) og fem fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Puyang ligg i eit område med naturressursar som olje, naturgass og kol. Førekomstane av olje og naturgass er særleg rike, og fleire store kinesiske petrokjemiske selskap har etablert seg i byprefekturet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 106 går gjennom området. Han går frå Beijing og er innom stader som Hengshui, Kaifeng, Ezhou på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]