Puyehue-Cordón Caulle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°35′25″S 72°2′″W
Puyehue-Cordón Caulle
vulkan
none  Puyehue Volcano as seen from the south side of Puyehue Lake
Puyehue Volcano as seen from the south side of Puyehue Lake
Namneopphav: Puyehue tyder «stad med små fiskar» på mapudungun
Land Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
stad Lago Ranco, Río Bueno og Puyehue kommune
 - høgd 2 236 moh
 - skardhøgd 1 800 m
 - koordinatar 40°35′25″S 72°2′″W
Vulkantype Kompleks vulkan
Siste utbrot 2011-2012[1]
Lettast tilkomst Entre Lagos – Fundo El Caulle
Relief Map of Chile.jpg
Locator Red.svg

Puyehue og Cordón Caulle er to samanvokste vulkanar som dannar eit stort fjellmassiv i Puyehue nasjonalpark i Andes i Ranco-provinsen i Chile. Innan vulkanologien vert denne gruppa kalla Puyehue-Cordón Caulle-vulkankomplekset (PCCVC). Fire forskjellige vulkanar dannar vulkangruppa eller komplekset, kalderaen Cordillera Nevada], vulkanen Mencheca frå pliocen, sprekkventilen Cordón Caulle og stratovulkanen Puyehue.[2]

Som med dei fleste stratovulkanar i Det andinske vulkanbeltet ligg Puyehue og Cordón Caulle i kryssinga mellom ei tverrgåande forkasting og den større nord-sørgåande Liquiñe-Ofqui-forkastinga. Vulkankomplekset har forma det lokale landskapet og skapt mange vulkanske landformer over dei siste 300 000 åra. Sinderkjegler, lavadomar, kalderaer og krater finst i området utanom dei sørlege områda, der ein finn særs mange forskjellige vulkanske bergartar, til dømes både primitive basaltar og rhyolittar. Cordón Caulle er kjend for utbrotet som følgde jordskjelvet i Valdivia i 1960, det kraftigaste jordskjelvet som er registrert.[3]

Puyehue-Cordón Caulle-området er eit av hovudområda som vert undersøkt for utnttying av geotermisk energi i Chile.[4][5] Geotermisk aktivitet finst på ovreeflata av Puyehue og Cordón Caulle som fleire varmekjelder, solfataraer og fumaroler.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Servicio Nacional de Geología y Minería». http://www2.sernageomin.cl/ovdas/ovdas7/informativos2/Informes/Reportes/RegionXIV/REAV_N28_Los-Rios_04062011.pdf. 
    • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Spansk Wikipedia .
  2. Gerlach, David C.; Frederick A. Frey, Hugo Moreno-Roa, Leopoldo López-Escobar, Stasiuk1, S. J. Lane, C. R. Adam, M. D. Murphy, R. S. J. Sparks and J. A. Naranjo (1988). «Recent Volcanism in the Puyehue-Cordon Caulle Region, Southern Andes, Chile (40.5° S): Petrogeneis of Evolved Lavas». Journal of Petrology (Oxford University Press) 58: 67–83. doi:10.1093/petrology/29.2.333. 
  3. Lara, L.E., Naranjo J.A., Moreno, H. "Rhyodacitic fissure eruption in Southern Andes (Cordón Caulle; 40.5°S) after the 1960 (Mw:9.5) Chilean earthquake: a structural interpretation". Journal of Volcanology and Geothermal Research. vol 138. 2004.
  4. Lahsen, Alfredo; Sepúlveda, Fabián; Rojas, Juan; Palacios, Carlos (2005) (PDF), Present Status of Geothermal Exploration in Chile, Proceedings World Geothermal Congress 2005: Antalya, Turkey, 24–29 April 2005, http://pangea.stanford.edu/ERE/pdf/IGAstandard/pdf/WGC/2005/0113.pdf 
  5. Dorsch, Klaus (2003) (PDF), Hydrogeologische Untersuchungen der Geothermalfelder von Puyehue und Cordón Caulle, Chile., PhD-Thesis, Ludwig-Maximilians University Munich (LMU), Geo-Department, in German with English and Spanish abstracts., http://edoc.ub.uni-muenchen.de/1828/1/Dorsch_Klaus.pdf 
  6. Sepúlveda, Fabián; Lahsen, Alfredo; Dorsch, Klaus; Palacios, Carlos and Bender, Steffen. Geothermal Exploration in the Cordón Caulle Region, Southern Chile. Proceedings World Geothermal Congress 2005.